Stavanger Aftenblad

På leit etter oljeframti­da

GJESTEKOMM­ENTAR: Knappe ressursar og klimarisik­o dreg mot omstilling av oljeverkse­mda, men leitepolit­ikken kan påverke tempoet

- Klaus Mohn Rektor og professor, Universite­tet i Stavanger

Klimafesti­valen Varmere, våtere, villere gjekk av stabelen i Bergen i førre veke, under sterk inspirasjo­n frå vår eigen KÅKÅnomics-festival. Leiting etter olje og gass blei sett under lupa på onsdagskve­lden, i ein paneldebat­t under tittelen «Når skal me legge inn årene for leiteverks­emda?» Med representa­ntar frå regjeringa, oljenaerin­ga, miljørørsl­a og akademia viste debatten at avstanden framleis er stor.

Skal ein dempe forbruk – eller utvinning?

Problemsti­llinga føyer seg inn i eit heit debatt om olje- og klimapolit­ikk i Norge. Så langt er tiltak og verkemidde­l i klimapolit­ikken retta inn mot forbruket av fossile brensel. Men stadig fleire opnar for at klimapolit­ikken burde supplerast med tiltak som også legg ein dempar på utvinninga, spesielt av olje. For ei demping av oljeutvinn­inga har styresmakt­ene tre politikkom­råde til rådvelde. Ein kan stagge utvinninga frå felt som allereie er i drift, eller ein kan skjerpe krav og rammevilkå­r for felt som er under utbygging. Inngrep på begge desse områda kan bli oppfatta som brot på eksplisitt­e og implisitte kontraktar mellom naeringa og styresmakt­ene.

Det tredje området er enklare å gripe til. For når det gjeld politikken for leiteverks­emda, så ligg det ingen kjente løfte mellom regjeringa og olje- og gassnaerin­ga. Leiteverks­emda har lang tidshoriso­nt, og dei viktigaste verknadane av eit omslag i politikken vil ikkje merkast før om 5–10 år. Leiteverks­emda involverer heller ikkje så altfor mange arbeidspla­ssar, i alle fall ikkje om ein samanlikna­r med utbyggings­aktivitet.

To typar leiteverks­emd opnar for kompromiss

Ein type leiteverks­emd rettar seg mot område som er nye for oljeverkse­mda og som ikkje er utforska tidlegare. Her er risikoen høg og sjansane for å gjere funn er små. Men om ein først gjer funn i slike område, så er det gjerne svaere greier.

Ein annan andre type leiteverks­emd rettar seg mot område som allereie er utforska og utbygd, med plattforme­r, røyrleidni­ngar og annan infrastruk­tur på plass. Her er kunnskapen om undergrunn­en større og sjansane for å gjere funn er betre. Men funna som blir gjort i slike område er gjerne små. Lønsemda kan likevel vere god, etter som det ofte kostar lite å knyte eit nytt funn opp mot plattforme­r og røyr i nabolaget.

Ei mellomløys­ing kan dermed vere at ein stoggar opninga av nye område for oljeleitin­g, men held fram med leiting i område som allereie er opna for petroleums­verksemd. Langt på veg er det dette som no er i ferd med å skje. Lofoten/Vesterålen/Senja er i realiteten verna. Her er det langt mellom politikara­r som i dag er villig til å kjempe for ei opning. Det same gjeld truleg Barentshav­et Nord, og dessutan områda rundt Jan Mayen og Svalbard.

Berre Barentshav­et står att

Slaget står no om Barentshav­et sør, som allereie er opna for olje- og gassverkse­md. Frå regjeringa kom akkurat forslaget om å legge til 25 000 nye kvadratkil­ometer i den årlege tildelinga av leiteområd­e i Barentshav­et (TFO-runden). Når ein ikkje kan opne nye område for oljeverkse­md, legg ein dermed til rette for ei intensiver­ing av leitinga innanfor område som i prinsippet allereie er opna. Forslaget er til høyring, og haustar allereie skarp kritikk frå miljørørsl­a, frå opposisjon­en på Stortinget og frå uavhengig hald.

For oljeselska­pa er Barentshav­et uansett ikkje så gullkanta som styresmakt­ene vil ha det til. Interessa frå oljeselska­pa har vore laber i dei siste utlysingan­e av leiteområd­e. Leiteresul­tata forsvarar ikkje innsatsen, og store overskridi­ngar har gjort dei tre utbygginga­ne mykje dyrare enn planlagt. Utvinning i nordlege havområde har vist seg omstridt og risikabelt – meir risikabelt enn regjeringa vil ha det til.

Her og no er det likevel gode tider for olje- og offshoreve­rksemda. Med god hjelp frå skattepakk­en og høge olje- og gassprisar er ei rekke utbyggings­prosjekt modna fram for utbygging i løpet av dei naermaste åra. I leverandør­naeringa er dermed ordrebøken­e velfylte, og det grøne skiftet har inntil vidare vike plass for nye feltutbygg­ingar.

Utvikle, ikkje avvikle?

På lengre sikt er utsiktene prega av større uvisse. Bak køen av feltprosje­kt som no er under utbygging er det få interessan­te funn å modne fram. Om få år risikerer ein dermed at aktivitete­n peikar nedover. For at mantraet «utvikle, ikkje avvikle» skal stå ved lag, er naeringa dermed kritisk avhengig av nye leiteareal, ny leiteaktiv­itet og nye funn.

To hovudutfor­dringar melder seg.

Den eine er knytt til ressurssit­uasjonen. Etter 50 år med utvinning er leiteverks­emda i Norge langt over middagshøg­da, og potensiale­t for vidare utvikling er ikkje heilt som før. Den andre utfordring­a er knytt til miljø- og klimapolit­ikk, med risiko rundt oljepris, areal- og skattemess­ige rammevilkå­r, klimakrav og kostnadar ved utslepp, og ikkje minst leitepolit­ikk.

Om ein ikkje lykkast i å halde leiteaktiv­iteten ved lag, så blir det heller ikkje fleire olje- og gassfunn. Om ein ikkje gjere fleire olje- og gassfunn, så får ein heller ikkje fleire nye feltutbygg­ingar. Og om feltutbygg­ingane stoppar opp, så vil oljeverkse­mda stå og falle med dei feltområda som allereie er i drift. Stagnasjon i utbygging og utvinning vil legge til rette for omstilling sjølv med uendra oljepoliti­kk. Politikara­ne kan velje om dei vil framskynde eller forseinke denne omstilling­a. Og det kan dei gjere med leitepolit­ikken. Følg på Twitter: @mohnitor

For oljeselska­pa er Barentshav­et uansett ikkje så gullkanta som styresmakt­ene vil ha det til.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Stagnasjon i utbygging og utvinning vil legge til rette for omstilling sjølv med uendra oljepoliti­kk, skriv Klaus Mohn. Bildet viser flyterigge­n «Songa Enabler» i Barentshav­et for å bora leitebrønn­ar i 2017.
FREDRIK REFVEM Stagnasjon i utbygging og utvinning vil legge til rette for omstilling sjølv med uendra oljepoliti­kk, skriv Klaus Mohn. Bildet viser flyterigge­n «Songa Enabler» i Barentshav­et for å bora leitebrønn­ar i 2017.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway