Stavanger Aftenblad

Fred hos SV

KOMMENTAR: SV vil ikkje lenger melda Norge ut av Nato. Det er fred i partiet. Regjerings­makt? Nja. Kvifor det?

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

SV oppstod av Nato-motstand. Av dei som meinte det ikkje var klokt med to blokker kald krig. Som verken ville ha Warszawapa­kta eller Nato, verken Sovjetunio­nen eller USA. Som meinte at det måtte finnast ein tredje veg.

Heilt til nå har SV hatt med seg ei setning om å melda Norge ut av Nato.

For mange i SV trur eg det har vore omtrent som abort-saka har vore for KrF. Det er hjarteslag­a, det dei har vore villige til å stå for heilt aleine, uansett. Sjølv når det ikkje er realisme i det, sjølv når håpet og trua på det berre lever heilt inne i partibobla. For mange andre har det vore noko ein lar vera i fred, sjølv om dei finn det uforståele­g. Dei har latt det liggja.

La stå?

Nato-motstanden i Norge er så liten at den nesten ikkje er merkbar. Sjølv blant SVs eigne medlemmer er den så liten at den nesten ikkje er merkbar.

Kunne SV likevel la det stå, det med å villa melda Norge ut? Men ikkje snakka så mykje om det? Partileiar Audun Lysbakken stilte spørsmålet, og svarte klart nei. Han meiner SV er eit for viktig parti i norsk politikk til å halda seg med vedtak dei ikkje meiner alvorleg. Då vil dei heller ikkje bli tatt alvorleg. Det nye forslaget tar med seg kritikken av Nato, men ser det ikkje lenger som ei løysing å melda Norge ut.

Debatten

Det var ein lang, lang debatt, fredag ettermidda­g og kveld. Men alle debattar i SV er lange, lørdag morgon har rundt 100 teikna seg for neste debatt før klokka er ni. Det er halve landsmøtet. Dei har berre tid til å sleppa til 55.

Sikkerheit­sdebatten var fredeleg. Med mange forslag så klart, om å støtta alt frå radikale dissensar til små, språklege justerin

Alle debattar i SV er lange.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway