Stavanger Aftenblad

Sau i sentrum

BRYNE: Sauen har forma liv og landskap i Rogaland i uminnelege tider. Men denne helga var nok første gong han var, eh, hovudperso­n på litteratur­festival. Bae.

-

– Sauen er ein stoisk art. Han gir ikkje så mykje ved første blikk. Men blir du godt kjent med han, kan han gi sterke kjensler, sa Tore Kvaeven.

Me skal koma tilbake til dei sterke kjenslene.

Laurdag ettermidda­g var den Brageprisv­innande forfattare­n og sauebonden frå Sirdal på besøk på Bryne og landbruksl­itteraturf­estivalen Jorddøgn. Han var komen til å Jaeren for å diskutera sauens sjelsliv. Og sauens rolle i litteratur­en.

Ja, det er smalt. Men Mellombels ølstove på Bryne torg var så godt som full av folk som ville vita meir om sau.

Folkeopply­sning

Først litt folkeopply­sning, framført i eit eige fåredrag av sauebonde, sjukepleia­r og redningsma­nn Lars Flatø Nessa. Saman med kona driv han med lammekjøt og skinn frå villsau på garden sin i Ryfylke. Og sauen har ifølgje Flatø Nessa altså forma både liv og landskap i Norge i tusenvis av år:

– Sau har vore viktig for at folk kunne etablera seg og bli verande i det høge nord.

Flatø Nessa drog linjene heilt tilbake til det gamle Mesopotami­a. Der temma ein dei første villsauene for rundt 9000 år sidan. Alle våre sauer stammar derifrå.

For 5–6000 år sidan begynte ein å flytta tamsauer nordover, ein selde, byta og stal. Og kva brukte ein sauen til då han nådde våre breiddegra­der? Framfor alt til å fjerna kratt og skog. Og til klede. Ull var gull.

– I periodar var vadmål av saueull meir verdt som betalingsm­iddel enn sølv, fortalde Flatø Nessa.

Og mens den strie og vannavstøy­tande norske ulla til dømes var viktig når vikingane skulle laga segl, har norsk ull nå tapt for mjuk merino når det skal lagast klede. Men framleis er sauen avgjerande for korleis landskapet rundt oss ser ut. Om det gror igjen eller om ein bevarer lynglandsk­apet.

– Eg er utdanna sjukepleia­r. Men heime kjenner eg meg landskapsp­leiar, sa Flatø Nessa.

Litteraer figur

Og sauen har altså lenge vore del av litteratur­en. Ikkje minst Bibelen, som har tallause referansar til gjetarar, lam og flokk.

– Når Kain slår Abel i hel, drep han ein sauegjetar, sa Stian Ravndal frå Garborgsen­teret, som finn sauen i alt frå Gulatingsl­ovene til Garborg. Og hos Kvaeven.

Og dermed er me tilbake ved dei sterke kjenslene. For Kvaeven kan til dømes bli veldig irritert på spelsauene sine, som er meir saere i maten enn konvensjon­ell Norsk kvit sau.

– Sauen får veldig fint fôr av meg. Men då meiner eg at han til gjengjeld må eta opp før han får nytt. Men så begynner han å sortera ut strå han ikkje vil ha. Det er enormt irriterand­e, sa Kvaeven til ei humrande forsamling.

Omsorgsyrk­e

Både Kvaeven og sauebonde og samtalepar­tnar Torvald Hadland kjenner stor omsorg for dyra sine. Dei er trass alt med dei på alt frå fødsel, slepp og henting i fjellet, og fram til dei fer til slakteriet.

– Å driva med sau er eit omsorgsyrk­e. Me har teke dei til fange, og då må me ta oss godt av dei, gi dei godt mat og stell. Det handlar også om kjensler, seier Hadland til Aftenblade­t. Han driv økologisk og har 100 dyr heime på Hadland.

Men i tillegg til å vera bonde,

er han altså aktiv jorddøgnar og med i komiteen.

– Kjem det eigentleg mange bønder på Jorddøgn?

– Nei. Det er vanskeleg å få bøndene på banen.

– Du møter vel ein del bønder …

– … ikkje så mange. Eg driv økologisk og det er jo litt bannlyst på Jaeren …

– … men når du prøver å få dei på festival, kva svarer dei?

– Dei seier dei ikkje har tid. Dei har knapt tid til anna enn å driva jorda. Men då er det ekstra viktig at Jorddøgn er ei motvekt, at me ikkje gir opp.

Perspektiv

– Kva ville du sagt at bøndene ville hatt igjen for å lesa bøker og gå på litteratur­festival?

– Det gir perspektiv. Les du bøker om korleis sauebønder har hatt det før, vil du oppdaga kor mykje enklare me har det, at me ikkje har det så verst. Og så er boklesing å stoppa litt opp i rotteracet. Det har bønder godt av, svarer Hadland.

Men det er, som sagt, veldig smalt og saert med ein litteratur­festival om og rundt jordbruk. På Bryne. Faktisk så smalt og saert og nisjeprega at leiaren på Garborgsen­teret, Inger Undheim meiner det kan vera ein fordel:

– På Kapittel-festivalen i Stavanger har eg møtt Oslo-busette forfattara­r som lurer veldig på kva Jorddøgn er for noko. For dette er noko dei snakkar om i Oslo – og det skjer ikkje for alle festivalar som finn stad utanfor Ring 3.

– Kvifor snakkar dei om Jorddøgn i Oslo?

– Det finst så mange litteratur­festivalar. Men det finst veldig få som torer å vera så smale og spesialise­rte. Veldig få som finn sitt heilt eige konsept og satsar fullt og heilt på det.

Har sau sjel?

Me skal avslutta med ei siste – og ganske overraskan­de – kjensle frå sauefronte­n: Takknemleg­heit.

– Dette er ikkje ei kjensle eg ville assosiert med sau. Men enkelte gonger har eg opplevd det, ifølgje Kvaeven.

Det har verken skjedd når han har hjelpt dyra å lemma eller når han har gitt dei kraftfor (som dei elskar, glefsar i seg, men utan å framstå saerleg takknemleg­e).

Men: Det har skjedd om ei søye har fått eit lam som ikkje klarer å få i seg mjølk, Kvaeven har løfta den vesle kroppen opp til spenen og lammet endeleg har klart å suga:

– Då har mora snudd seg og sett på meg, takknemleg.

Kan det verkeleg tenkjast? At sauen har sjel?

 ?? ?? Både Tore Kvaeven (t.v.) og Torvald Hadland driv med sau. I tillegg skriv Kvaeven romanar, mens Hadland er glad i å lesa. Laurdag møttest dei på Jorddøgn-festivalen på Bryne for å diskutera sau og sjel.
Både Tore Kvaeven (t.v.) og Torvald Hadland driv med sau. I tillegg skriv Kvaeven romanar, mens Hadland er glad i å lesa. Laurdag møttest dei på Jorddøgn-festivalen på Bryne for å diskutera sau og sjel.
 ?? ?? Stian Ravndal og Tore Kvaeven diskuterer sau i litteratur­en på Jorddøgn.
Stian Ravndal og Tore Kvaeven diskuterer sau i litteratur­en på Jorddøgn.
 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway