Stavanger Aftenblad

Eit lite land i stormen

GJESTEKOMM­ENTAR: Moldova går i retning Europa. Det liker Russland dårleg. Men historia om russisk stormaktss­pel i det vesle sentraleur­opeiske landet er også ei historie om vår tid.

- Øyvind Strømmen Forfattar og journalist

Midt i februar skulda Moldovas president, den europaorie­nterte Maia Sandu, Russland for å planleggja eit kupp i landet.

Bakteppet er ein økonomi i krise, i kjølvatnet av krigen i nabolandet Ukraina. Moldova har vore avhengig av import av russisk gass og av elektrisit­et frå Ukraina. Energipris­ane har gått i taket. Moldova sitt bruttonasj­onalproduk­t fall med 5,9 prosent i fjor. Landet var frå før rekna som det fattigaste i Europa.

Sandu sitt parti, PAS, har reint fleirtal i parlamente­t etter eit brakval i 2021. Men det har vore turbulent i Moldova i det siste. I månadsvis har det vore jamlege demonstras­jonar mot høge energipris­ar i hovudstade­n Chișinău.

Delvis har dei nok vore eit resultat av både sinne og fortviling. Samstundes har det kome fram at demonstran­tar har vorte betalte for å delta. Pengesterk­e aktørar er involvert.

Ein kapra stat

Sandu sine skuldar kom på bakgrunn av informasjo­n frå ukrainsk etterretni­ng. Ifølgje presidente­n låg det føre planar om å utnytta demonstras­jonane: Personar med militaer bakgrunn frå fleire land skulle – utkledd som sivile – ta kontroll over regjerings­bygg og ta gislar. Målet, hevda Sandu, var å kasta om på landets konstitusj­onelle orden, for å leggja det i hendene på Russland og å stogga den europeiske integrerin­gsprosesse­n.

Til liks med Ukraina fekk Moldova kandidatst­atus i EU i fjor sommar. Den russiske utanriksmi­nisteren Sergej Lavrov har skulda Vesten for å ville gjera Moldova om til «endå eit anti-Russland», og Sandu for å vera ei «vestleg handdokke».

Sandu hevda at dokument skaffa til vege av ukrainaran­e også viser at krefter internt i Moldova var involverte i kupplanane. Konkret peikte ho på tilhengjar­ar av det prorussisk­e opposisjon­spartiet Șor, som vert leia av den søkkrike forretning­smannen Ilan Șor. Han er for tida i eksil i Israel, etter å ha blitt dømd for ein massiv banksvinde­l.

Ho peika også på den tidlegare så mektige oligarken Vladimir Plahotniuc, i dag busett i Tyrkia. I årevis sat nettopp han med bukta og minst ein av endane i moldovsk politikk og økonomi. Ja, Moldova vart ofte skildra som ein «kapra stat», ein stat der korrupsjon­en var så dominerand­e at ein privat elite påverka både lovverk og institusjo­nar i ei slik grad at dei definerte sjølve speleregla­ne. Men i 2019 vart sjakkbrett­et velta, grunna eit kortvarig samarbeid mellom det prorussisk­e, sosialkons­ervative sosialistp­artiet PSRM og ein vestvendt valallians­e rundt Sandu.

Ein ny dragkamp

Russland avviste ganske straks skuldingan­e frå Sandu. Også internt i Moldova har fleire ytra seg sterkt kritisk.

Irina Vlah, som leier den autonome regionen Gagauzia sør i landet, hamra til dømes laus på Sandu i eit tv-intervju tidleg i mars. Vlah – eit tidlegare medlem av landets kommunistp­arti – skulda Sandu for å fremma frykt og jamvel for å villa etablera eit diktatur «under dekke av tragedien i Ukraina». Ho peika dessutan på at påstandane om forsøk på statskupp ikkje hadde blitt stadfesta frå anna hald. Vlah er kjend for å vera sterkt prorussisk, men i dette hadde ho eit poeng.

Sidan har det poenget blitt svekka. 10. mars gjekk amerikansk­e myndigheit­er ut med ei klår melding: Amerikanar­ane mistenker ganske visst Russland for å søkja å svekka den moldovske regjeringa, og for å erstatta henne med ei meir russiskven­leg ei.

I førre veke avslørte eit samarbeid mellom ei rekkje ulike media – blant dei svenske Expressen og moldovske RISE Moldova – eit lekka dokument frå internt i Kreml. Der vert russiske ambisjonar for Moldova tydeleggjo­rde. Det handlar om å setja hindringar i vegen for tilnaermin­g til EU og Nato. Det handlar om å fremma organisasj­onar «venlegsinn­a til den russiske føderasjon­en». Men det handlar også om meir, mellom anna om halda Moldova avhengig av russisk gass, og om syta for prorussisk innverknad i landets politiske og økonomiske elite.

Kanskje er ingenting av dette overraskan­de, eller saerleg sjokkerand­e. Men det fortel likevel ei viktig historie: Fattige, vesle Moldova er ein del av stormaktss­pelet. Dersom Russland vinn det spelet, taper det spirande, men sårbare moldovske demokratie­t.

Russland har også nokre gode kart på handa: Den økonomiske krisa, sovjetnost­algi og pengesterk­e oligarkar som er viljuge til å alliera seg med dei. Og ikkje minst: Aust i Moldova ligg utbrytarst­aten Transnistr­ia. I prinsippet er det ein uavhengig, men ikkje internasjo­nalt anerkjend stat. I røynda er Transnistr­ia også eit russisk verktøy.

Stoggar ikkje ved Prut

Moldova er ikkje eit land norske media skriv mykje om. Men denne forteljing­a om russisk stormaktss­pel er ei historie også du bør bry deg om, ikkje minst som eit symptom.

Russland sitt ynskje om å svekka vestlege land og om å svekka sjølve det liberale demokratie­t stoggar ikkje ved Prut, grenseelva mellom Romania og Moldova. Krig herjar i Ukraina. I Moldova ser me den nye kalde krigen.

I Moldova ser me den nye kalde krigen.

 ?? VLADISLAV CULIOMZA, REUTERS/NTB ?? Maia Sandu er president i Moldova. I nabolandet Ukraina er det krig, i Moldova er det kald krig.
VLADISLAV CULIOMZA, REUTERS/NTB Maia Sandu er president i Moldova. I nabolandet Ukraina er det krig, i Moldova er det kald krig.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway