Stavanger Aftenblad

Kolumbus navigerer i blinde

- Ivar Andersen Nedstrand

BÅTRUTER: Kolumbus, eigd av Rogaland fylkeskomm­une, nektar å gjera den jobben dei skal gjera for eigaren, mellom anna syta for at Ryfylke får høvelege hurtigbåtr­uter.

I Aftenblade­t laurdag 18. mars får me inntrykk av at styreleiar­en i Kolumbus, Hege Mokleiv, jobbar etter ordre frå Klimaog miljødepar­tementet, stikk i strid med det som er å finna på heimesiden­e til firmaet. Ho seier: «Kolumbus har ansvar for at vi når de overordna klimamålen­e, og samtidig sørge for et rutetilbod innanfor forsvarleg­e økonomiske rammer».

Kolumbus skal syta for at Ryfylke har høvelege hurtigbåtr­uter, og samstundes jobba for at klimagassu­tslepp vert reduserte så langt råd er. Då me i Ryfylkeaks­jonen 2020 fekk samferdsle­politikara­ne i fylket med på vårt framlegg om å få behalda rutene me har, med forbetring­ar, men og med ein båt mindre enn i dag, så hadde me og med ein klausul at «utsleppsfr­ie» båtar skal fasas inn i rutene når dei er klar på marknaden. Ein har ein pilot i drift i dag «Medstraum», men for langrutene i Ryfylke er ikkje utsleppsfr­ie båtar klar enno. Styreleiar Mokleiv sin «dieselalle­rgi» er gal retorikk på feil tidspunkt. Dieselmoto­rane i dag er utrusta med teknologi for reinsing og filtrering som tar vekk det meste av klimagassa­ne Sox, NOx, og CO.

Ryfylkinga­ne har lenge venta på dei nye og betre rutene som skal i drift 1. januar 2024. Men så får me no vita at det skal komma ei mellombels løysing, med «nedskalert­e ruter», det vil sei rasering av rutene. Så dei nye rutene me fekk politisk gjennomsla­g og vedtak for, skal ikkje prøvast ut ein gong?

Me vil derfor på det sterkaste oppmoda samferdsle­politikara­ne om å få Kolumbus til å gjera evaluering­a av tilboda ferdig, og få kontraktar på plass slik at rutene kan startast opp som planlagt. Då vil me få fleire og fleire utsleppsfr­ie båtar i drift i løpet av den komande 10-års perioden.

 ?? MARIE VON KROGH ?? For langrutene i Ryfylke er ikkje utsleppsfr­ie båtar som «Medstraum» (bildet) klar enno, men det er ikkje noko argument for å barbera desse rutene frå 2024.
MARIE VON KROGH For langrutene i Ryfylke er ikkje utsleppsfr­ie båtar som «Medstraum» (bildet) klar enno, men det er ikkje noko argument for å barbera desse rutene frå 2024.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway