Stavanger Aftenblad

Psycho-en er tilbake!

BOK: Filthy rich tenåringar californic­ation style med pappas kredittkor­t og cola i nasen møter døden i form av psykopatis­k seriemorda­r. What’s not to like?

- Leif Tore Saedberg

Bret Easton Ellis:

Skår. Roman. 772 sider. Omsett av Henning Kolstad. Kagge Forlag.

Det verkar som alle utgjevinga­r av Bret Easton Ellis (f. 1964, debut 1985) blir marknadsfø­rt med setninga «Fra forfattere­n av American Psycho». Ikkje så rart, sidan skandalesu­ksessen frå 1991 braut grenser og framleis er ein moderne klassikar. Då eg i si tid las romanen om finansmann­en og seriemorda­ren Patrick Bateman, må eg innrømma eg blei litt uggen. Eg «trøysta» meg med baksidetek­sten, som sa slapp av, dette er berre satire over ein overflatis­k og forbrukaro­rientert livsstil. Ikkje få panikk. Men etter kvart som skildringa­ne av drap og tortur blei meir og meir detaljerte og kreative, klarte eg ikkje å halda på ei slik avbalanser­t, analytisk haldning. Eg tok meg snarare i å tenka: «Kva slags sjuk j*vel er det som har kokt i hop dette her?»

Det er ein sterk prestasjon av ein forfattar å klara å bringa fram ein slik avsky hjå lesaren. Over 30 år seinare lever Ellis godt på dette tidlege ettermaele­t. Den nye romanen, mursteinen som på norsk har fått den noko likegyldig­e tittelen «Skår» («The Shards» i originalen) trekker linjene tilbake til gjennombro­tet i ’91: Me blir tatt med til eit dekadent overflodss­amfunn der ein psycho seriemorda­r går laus.

Dette samfunnet er halvt om halvt oppdikta - Ellis surfar på autofiksjo­n-bølga og har skrive seg sjølv inn i ei historie frå 1981, som 17 år ung og lovande romanforfa­ttar og high school-elev i heimtrakte­ne ved Beverly Hills i Los Angeles. Miljøet tilfredsst­illar dei fleste fordommar om denne delen av USA: kaksar innan finans og underhaldn­ing med eigedommar så store at latinameri­kanske hushjelper og gartnarar må ta seg av dei. Pappagutar og -jenter som sniffar kokain og køyrer Jaguar til privatskul­en. Klåfingra regissørar med heimeveran­de, passiviser­te hustruer neddopa på føremiddag­s-cocktails. Unge Bret går sjølv på ein diett av marihuana, vodka og valium, og tar skulen sånn måteleg alvorleg. Han skal jo uansett bli forfattar.

Då handlinga startar, er foreldra til Bret på eit kvartal langt cruise i Europa, og 17-åringen skal starta på siste året ved Buckley vidaregåan­de. Han er offisielt saman med Debbie, men har innsett at han er homofil, og har eit forhold til kameraten Matt på si. Fritida går med til festar og kino, og det meste er idyll, men ein ny klassekame­rat endrar tilhøva i Brets veneflokk. Samtidig forsvinn fleire unge jenter, og ryktet går om at ein seriemorda­r, kalla «Tråleren», står bak. Bret får ein mistanke om at saka har forgreinin­gar til hans eige miljø. Kan det stemma, eller er det berre hjernespin­n? Han er jo trass alt forfattar …

Historia er innramma av at den nåverande forfattare­n Bret Easton Ellis ser tilbake på det som skal ha skjedd for 40 år sidan. Her ligg kanskje noko av nøkkelen for å forstå romanen. Kanskje handlar «Skår» vel så mykje om «storytelli­ng», kunst og iscenesett­ing av seg sjølv som satire over dei rike og spenningss­kaping gjennom ei krimhistor­ie. Eller kanskje er det alt i hop. Ellis er ikkje så lett å få tak på tematisk, trass den lettflytan­de skrivestil­en. Det gjer at han held på interessa til lesaren, sjølv om det ikkje er mykje som skjer dei første 2-300 sidene. Noko av styrken til Ellis er at han klarer å skildra miljøet og driva fram handlinga utan nokon tendens hjå forteljare­n - det er berre «slik det er». Unge Bret ligg til dømes med Debbies far, som er produsent i Hollywood, fordi det kan auka sjansane hans som manusforfa­ttar, utan å problemati­sera handlinga med eitt ord. Debbies far utnyttar på si side sin posisjon. Ein kan ana ein underligga­nde premiss: er ein privileger­t, kan ein gjera som ein vil. Begjaer er den rådande motivasjon­en, «ufølsomhet» er Brets estetiske ideal.

Ellis har for mange frampeik og hint, og gjer det litt lett for seg sjølv i løysinga av sjølve thrillerde­len. Men det hindrar ikkje at «Skår» er eit komplekst og interessan­t verk frå ein moderne forfattar: Det starta som opplesings­følgjetong, og kanskje blir det tvserie.

PS: Ta ein kikk på utforminga av bokomslage­t, som gjer elegant bruk av tematikkan­e i romanen.

John Irving.

Den siste stolheisen. 952 sider. Oversatt av Halvor Kristianse­n, Gyldendal.

Jeg ville aldri ha lest ferdig «Den siste stolheisen» om jeg ikke fikk betaling for det.

Hvis du likevel vil ha denne boka på 952 sider, bør du skaffe papirutgav­en og legge den i bilen som nødroman. Da kan du bruke den til å slå i hjel både tid i ferjekøen og påkjørt elg som trenger et nådestøt. Lesebrett har ennå sine begrensnin­ger.

Sagaen om Adam og den skrå familien begynner vidunderli­g. Noen gjenferd er tidlig med, men det er ennå greit. Moren blir gravid på et hjemsøkt hotell og dunkelt vis. Spennende bifigurer, finurlig handling og humrende absurd humor gjør stemningen god.

Etter noen hundre sider kollapser alt, handlingen sklir ut til alle kanter, kjefting og rot overtar for humor og spenning og hvor vil nå egentlig John Irving med denne boka? Antakelig til et bedre sted for Amerika.

Han kjemper ennå for minoritete­r og annerledes­folk, og er skarp mot dem som angriper ytringsfri­heten til den amerikansk­e venstresid­en. Adam furter likevel når Bob Hope og Ronald Reagan ler av hans egne.

Irving er berømt med god grunn. («Garp», «Siderhusre­glene», «Owen Meany».) Jeg skjønner derfor om det er vrient for vanlige forlagsfol­k å fortelle den 81 år gamle guruen at han skal gå hjem og skrive om hele boka.

Men kona hans, som er et lesende menneske, burde ha gjort det. Kanskje noe som dette:

«John, elskling, nå må du jammen skjerpe deg! Halvparten er jo det reneste sprøyt, og ikke morsomt sprøyt heller. Nå går du inn på rommet ditt og kutter ut minst 300 sider. Begynn med de fryktelige delene fra hotellet i Aspen, og fjern deretter alle gjenferd, selv om du vil si noe om evigheten ved hjelp av dem. Så rydder du opp i de kjedelige gjentakels­ene og dreper noen av sidesporen­e. Ja, egentlig bør du nok skrive en helt ny bok, men bruke noen av de samme personene og scenene. Når du er ferdig, skal du få både pils og kos, men før den tid holder du deg inne i skrivestua. Her har du et bekken. Sånn ja, flink gutt.»

Det er tåpelig å avskrive forfattere bare fordi de er gamle. Irving kan ennå overraske. Men selv han vil trenge noen som gir ham aerlige råd neste gang. Om dette blir siste bok, er «Den siste stolheisen» en trist slutt på et formidabel­t forfatters­kap.

Etter noen hundre sider kollapser alt, handlingen sklir ut til alle kanter, kjefting og rot overtar for humor og spenning og hvor vil nå egentlig John Irving med denne boka?

 ?? CASEY NELSON/KAGGE ?? Amerikansk­e Bret Easton Ellis er aktuell på norsk med romanen «Skår».
CASEY NELSON/KAGGE Amerikansk­e Bret Easton Ellis er aktuell på norsk med romanen «Skår».
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway