Stavanger Aftenblad

Fylka må lønast for å satse på nullutslep­p til sjøs

- Ada Jakobsen Adm. dir. Maritime CleanTech Heidi Wolden Leiar, politisk ressursgru­ppe og adm. dir. i Norled

MARITIM NAERING: Noreg er verdsleian­de i utviklings av utsleppsfr­ie ferjer og hurtigbåta­r. No er satsinga sett i spel av eit nytt forslag til inntektssy­stem for fylkeskomm­unane.

Det siste tiåret har vi fått verdas første elektriske bilferje, verdas første hydrogenfe­rje og verdas første heilelektr­iske hurtigbåt. Små og store bedrifter langs kysten har vore med på å skriva maritim verdshisto­rie. Teknologie­n er klar, og no rustar naeringa seg for å eksportera løysingane til resten av verda.

Fylkeskomm­unane har hatt ei sentral rolle i eventyret som innkjøpara­r av ferjeog hurtigbått­enester. Dei har stilt utsleppskr­av, sett av ressursar og engasjert seg i utviklings­samarbeid med naeringa. Slik bidrar dei til å nå norske klimamål og utvikla framtidas grøne maritime naering.

For at norskekyst­en framleis skal vera ein føregangsr­egion for utviklinga av berekrafti­ge transportl­øysingar, treng fylka føreseiele­ge rammevilkå­r der staten er med på spleiselag­et. Forslaget frå regjeringa sitt ekspertutv­al om nytt inntektssy­stem for fylkeskomm­unane sår tvil om dette.

Ekspertutv­alet føreslår å fjerna den saerskilde kompensasj­onen for låg- og nullutslep­psferjer og -hurtigbåta­r i inntektssy­stemet. Forslaget tar ikkje høgd for meirkostna­dene med drift av hurtigbåta­r generelt og val av låg- og nullutslep­psteknolog­iar spesielt. Det å driva ei hurtigbåtr­ute mellom holmar og skjer på Vestlandet blir likestilt med ei bussrute på Austlandet. I praksis gir det fylka insentiv til å flytta transport frå sjø til veg, heller enn motsett.

Med fordelings­nøkkelen ekspertutv­alet føreslår kjem alle «hurtigbåtf­ylka» langs kysten frå Rogaland til Troms dårlegare ut enn i dagens fordeling. Dei tre vestlandsf­ylka vil samanlagt kunna tapa om lag ein halv milliard kroner i årlege inntekter om forslaget blir vedtatt.

I maritim naering fryktar me at ei slik omlegging vil gjera det umogleg for fylka å satsa vidare på nye og berekrafti­ge teknologia­r. Om det blir vedtatt kan nullutslep­psrevolusj­onen i ferje- og hurtigbåtf­låten stoppa opp, akkurat når teknologia­ne naermar seg marknaden.

Taparane blir både norsk maritim naering, som mistar viktige utviklings­moglegheit­er, og innbyggara­ne langs kysten som vil få dårlegare kollektivt­ilbod.

I Hurdalspla­ttforma gav regjeringa lovnad om å kompensere fylkeskomm­unane for meirkostna­der ved val av låg- og nullutslep­psteknolog­i for ferjer og hurtigbåta­r. Dette har lege til grunn for satsinga på låg- og nullutslep­p i blant anna Vestland. No må regjeringa følgja opp lovnaden.

Heller enn å gå vidare med forslaget frå ekspertutv­alet, oppmodar me om å laga eit inntektssy­stem som støttar opp under ambisjonan­e for grøn maritim omstilling.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway