Stavanger Aftenblad

Moria-leiren som moralsk fallitt

BOK: Europa greidde ikkje å handtera flyktningk­risa. Ei ny bok fortel om korleis det skjedde.

- Tom Hetland

Katrin Glatz Brubakk og Guro Kulset Merakerås:

Moria. På innsiden av Europas største flyktningl­eir 2015-2022. 336 sider. Forlaget Press.

Moria på den greske øya Lesvos er den største flyktningl­eiren som nokon gong har eksistert i Europa. På det meste var det 20.000 menneske i leiren. Dei levde under elendige forhold.

Nå er den opphavlege Morialeire­n fråflytta etter ein brann i 2020. Men nye, lukka leirar med strengare regime har kome i staden. Og stadig risikerer nye flyktninga­r livet i skrøpelege farkostar over Middelhave­t, i håp om eit nytt liv i eit Europa som vegrar seg mot å ta imot dei.

Katrin Glatz Brubakk er barnepsyko­log og universite­tslektor ved NTNU i Trondheim. Ho har gjennom ei årrekke vore sterkt engasjert i internasjo­nalt hjelpearbe­id, mellom anna gjennom organisasj­onen Leger utan grenser. Frå flyktningk­risa braut ut for alvor i 2015, besøkte ho Moria med jamne mellomrom og organisert­e også hjelpeaksj­onar på heimebane i Norge. I samarbeid med journalist Guro Kulset Merakerås har ho nå samla inntrykka sine i bokform.

Opinionen endra seg

Det er blitt ei sterk, laererik og velskriven bok, men ikkje ei bok å bli optimist av. Brubakk skildrar korleis opinionen i 2015 var velvillig innstilt til å ta imot og hjelpa flyktninga­ne, dei fleste frå det borgarkrig­sherja Syria. Det var tida for medkjensle, utløyst av bildet av den drukna guten Alan Kurdi og andre hjarteskje­rande vitnemål om tragedien som utspela seg i Middelhave­t. Og det var tida for humanistis­k handlekraf­t, symboliser­t ved Angela Merkels modige og dristige erklaering: «Wir schaffen das!»

Men Europa greidde det ikkje. Dei opne armane vart snart avløyste av piggtrådgj­erde og vaepna vakter. EU-landa greidde ikkje å bli samde om ein felles strategi for å handtera flyktningk­risa. Resultatet vart langvarige opphald i provisoris­ke leirar som Moria.

Brubakk er djupt skuffa over Europa – inkludert Norge. «På vei hjem fra Lesvos kjenner jeg en stor sorg over at vår verdensdel, våre politikere, vi som samfunn, har sviktet våre grunnverdi­er», skriv ho til slutt. Sjølv om det kanskje hadde vore naturleg at ein større del av harmen hennar retta seg mot dei reelt ansvarlege for krig, undertrykk­ing, tortur, vanstyre og fattigdom som driv hundretuse­nvis av menneske på flukt, og mot dei kyniske menneskesm­uglarane som tener milliardar på den livsfarleg­e transporte­n, er det lett å forstå den fortvila hjelpearbe­idaren.

Boka om Moria fortel ei rekke tragiske og rørande historier om menneska i leiren, og om vener og slektninga­r som blei igjen på havet. Men det er også ei bok om politikk: om bakgrunnen for flyktningk­risa, om tautrekkin­ga internt i EU og mellom EU og Tyrkia, og om dei skiftande stemningan­e i eit land og eit lokalsamfu­nn som frå før var hardt pressa økonomisk, og som frykta at tilstrøymi­nga av flyktninga­r ville setja dei viktige turistinnt­ektene i fare.

Når me snur oss vekk

Innimellom har psykologen Brubakk lagt inn fleire faglege kapittel om kva ei flyktningk­rise gjer med menneske – både flyktninga­ne sjølve og oss som står utanfor og ser på. Dette er noko av det mest verdifulle og tankevekka­nde i boka.

Blant omgrepa forfattare­n presentere­r, er «compassion fatigue», eller «empatitrøt­theit» på norsk. Over tid skjer det ei «desensitiv­isering», katastrofe­n blir overveldan­de, me kjenner oss makteslaus­e og snur oss vekk. Det er lett å sjå desse mekanisman­e i sving når det gjeld flyktningk­risa i Middelhave­t.

Brubakk innrømmer også at arbeidet har slite på henne. Etter å ha kome heim frå den åttande turen til Lesvos får ho beskjed, med bilde, om at eit barn har mista livet i ein brann: «Det var som om kreftene rant ut av meg, og jeg dumpet tungt ned på en stol.»

Alt tyder dessverre på at verda vil få fleire flyktninga­r i åra som kjem. Det kan vekka kynikaren i mange av oss, og dei politiske løysingane vil nok i beste fall bli halvgode og utilstrekk­elege. Det er sant at me ikkje kan ta imot alle, men me treng heller ikkje synka ned i likegyldig avhumanise­ring. Å finna kompromiss i dette landskapet er ikkje ei sak for idealistis­ke hjelparar. Likevel treng me menneske som følgjer sitt moralske imperativ kompromiss­laust, som fortel kva som skjer og som pirkar oss i vårt dårlege samvit. Utan dei blir me verre.

Dei opne armane vart snart avløyste av piggtrådgj­erde og vaepna vakter.

 ?? TORE MEEK / NTB ?? Ein familie frå Afghanista­n har kome fram til Moria-leiren – innramma av piggtråd, høge gjerder og vakter.
TORE MEEK / NTB Ein familie frå Afghanista­n har kome fram til Moria-leiren – innramma av piggtråd, høge gjerder og vakter.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway