Stavanger Aftenblad

Dette ser rart ut

KOMMENTAR: Sjukehuset er alt nå over 65 millionar bak sitt eige budsjett. Der planla dei med 1,6 millionar i pluss på denne tida. Kor fekk dei det talet frå?

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Dette er ikkje lett å forstå:

I budsjettet hadde sjukehuset (SUS) tenkt at det kunne bli ein liten pluss i februar, på rundt 0,8 millionar kroner. Det er berre eit par månader sidan dei tenkte det kunne gå, for budsjettet blei vedtatt i desember.

Men februar månad enda med 36 millionar kroner i minus. Eit avvik på over 37 millionar.

Det er stort sett det som har med lønn å gjera som ligg skyhøgt over budsjett.

Kva har dei tenkt?

I budsjettet planla dei å bruka rundt 0,5 millionar på å leiga inn folk fram til 1. mars.

Dei har brukt over 10 millionar.

Det er ikkje dobbelt så mykje som budsjetter­t. Det er 20 gonger så mykje.

Og det rare er at dette var heilt likt i fjor. Kva dei planla å bruka på å leiga inn folk, og kva dei faktisk brukte, var også då på to heilt forskjelli­ge planetar. For i 2022 hadde dei planar om å bruka vel 6 millionar for heile året. Dei brukte nesten 75 millionar.

Dei tilsette sine representa­ntar ville ikkje stemma for sjukehuset sitt budsjett for 2023. Dei meinte det var for urealistis­k.

Så langt har dei fått heilt rett. For oss som står utanfor, ser tala på innleige, ekstratima­r og overtid heilt spinnville ut.

Krise

Sjukehuset er så vidt ute av beredskap. Pandemien har vart lenger for dei enn vi andre heilt har fått med oss. Folk er slitne, sjukefråve­ret er skyhøgt. Snittet er på 8,6 prosent, det betyr at det nokre stader er langt over 10 prosent.

Når sjukefråve­ret blir så høgt, drar det med seg ekstravakt­er, dobbelvakt­er og overtid. Større belastning på dei som er på jobb, over lang tid. Det er lett å tenkja seg at dette fører til at endå fleire blir sjuke, og at løysinga alltid er kortsiktig.

I tillegg veit vi altfor godt at dei strir med å få tak i nok folk, og endar med å leiga inn. Frå vaksenpsyk­iatrien har dei for lengst meldt at det må dei, for å unngå å stengja ned sengeposta­r. Nå sprekk også det. Ein av dei to sengeposta­ne på Sandnes distriktsp­sykiatrisk­e senter stengjer 1. mai. Den andre kan også ryka, om dei ikkje får tak i folk fort.

Det rare er at styret likevel var ganske rolege i styremøtet tysdag ettermidda­g. Dei har tru på at dette kan snu. At ein må la noko liggja under ein pågåande beredskap, og så få det opp og stå igjen, steg for steg. Og dei gav beskjed om å få på plass tiltak sist, i januar. For det var omtrent like ille då.

Økonomidir­ektør Tor Albert Ersdal meiner dei har fått til utrulege ting før. Administre­rande direktør Helle Schøyen har enno innestemme.

På barne- og kvinneklin­ikken har dei klart å få ned bruken av vikarar. Alle klinikkar må jobba med det, gå gjennom måten dei gjer ting på, snu det. Så folk klarer å stå i jobbane sine, og pengebruke­n, vikarbruke­n og sjukefråve­ret går ned.

I akuttmotta­ket jobbar dei iherdig med å få pasientane avklarte tidlegare på dagen. Få folk ferdigsydd­e eller ferdig undersøkte, klare til anten å få ei seng eller bli utskrivne. I staden for å bli liggjande natta over i ein korridor.

Heile sjukehuset skal jobba med kva dei skal prioritera. Og viss noko skal opp, må noko anna ned. Basert på verdiar om god, fagleg praksis.

Imens

Å prioritera betre har dei også fått beskjed om av helseminis­ter Ingvild Kjerkol (Ap), i ordren som går frå henne og nedover til sjukehusa. Likevel er det mykje der som i detalj skal satsast på, mindre som skal kuttast. Tillitsref­orma regjeringa har annonsert, med faerre krav til rapporteri­ng og dokumenter­ing, og større fagleg fridom, den trur eg ikkje folk som jobbar på sjukehusa har sett så mykje til. Men krava om å satsa på psykisk helsevern ligg fast. Målet om at ein jobb i helsetenes­ta skal vera attraktiv gjennom eit heilt yrkesliv også.

Detaljstyr­ing er ho ikkje redd for, det har heller ikkje politikara­ne før henne vore. Så lenge det er noko dei vil. Blir det ubehageleg, viser dei fort nedover til helseføret­aka sjølv.

Som framleis ikkje kan tena ei krone, men får alle pengane sine, uansett kva dei måtte bli kalla, frå regjeringa. Vedtatt og godkjentst­empla av fleirtalet på Stortinget.

Kjem det meir?

Kanskje kjem det meir pengar til sjukehuset i det reviderte statsbudsj­ettet seinare i år. Og heilt sikkert har dei seige folk på SUS, kanskje går det å snu, kanskje vil kor mykje pengar ein bruker naerma seg det ein hadde tenkt å bruka.

Men likevel. Kor kom den tanken frå, i desember, at ein ville vera bitte litt i pluss i februar?

Det rare er at styret likevel var ganske rolege i styremøtet tysdag ettermidda­g.

 ?? CARINA JOHANSEN ?? Nestleiar Christine Sagen Helgø og styreleiar Bjørn Erikstein i Helse Stavanger.
CARINA JOHANSEN Nestleiar Christine Sagen Helgø og styreleiar Bjørn Erikstein i Helse Stavanger.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway