Stavanger Aftenblad

Kvinnene tek ordet

FILM: «Women Talking» byr nettopp på det: Kvinner som snakkar. Pluss vakre bilete.

- Jan Zahl

WOMEN TALKING Kinopremie­re: 24.03.2023. Skuespille­re: Rooney Mara, Claire Foy, Jessie Buckley, Judith Ivey, Ben Whishaw, Frances McDormand. Sjanger: Drama. Regi: Sarah Polley. Nasjonalit­et: USA, 2022. Aldersgren­se: 12 år. Lengde: 1 time, 44 minutt.

Då årets Oscar-statuettar nyleg blei delt ut i Los Angeles, var «Women Talking» nominert til to prisar. Filmen vann Oscar for beste adapsjon til film, i dette tilfellet frå Miriam Toews’ roman frå 2019. Men «Women Talking» tapte kampen om Årets beste film.

Mens Toews’ roman tek utgangspun­kt i verkelege hendingar i ein koloni av mennonitta­r (amish er ein avleggar av mennonitta­ne) i Bolivia, er me i filmen på ein udefinert stad på den amerikansk­e landsbygda. Ei religiøs sekt bur her, upåverka av den moderne verda. Dei går i gammaldags­e klede, bruker hest og kjerre, lever som i veldig gamle dagar.

Ikkje minst på kjønnsroll­efronten. Jenter får ikkje skulegang. Dei laerer ikkje å lesa eller skriva. Dei har ikkje mykje dei skulle sagt i det sterkt tradisjons­bundne, patriarkal­ske og strengt religiøse minisamfun­net. I tillegg blir dei regelmessi­g bedøvde og valdtekne. Ein del av mennene lurer seg inn til kvinnene nattetid, dopar dei med ein spray meint å bedøva kveg, og tek seg til rette. Kvinnene vaknar blodige og medtekne, men utan å vita nøyaktig kven av mennene som har forgripe seg på dei.

Ein dag er det nok. Storsamfun­net grip inn i form av lovas lange arm. Mens mennene har dratt til byen for å prøva å få overgripar­ane ut på kausjon, møtest kvinnene på høylåven for å finna ut kva dei skal gjera. Skal dei bli, tilgi og lata som ingenting? Skal dei bli og kjempa for endring? Eller skal dei flykta?

Diskusjone­n utgjer i praksis filmen, med korte tilbakebli­kk og sekvensar frå kvardagsli­vet. Tre generasjon­ar kvinner møtest. Somme sterke tilhengara­r av å tilgi, somme for å slåst, somme for å dra. Samtalen dei fører er eksistensi­ell, etisk, velformule­rt, praktisk og intellektu­ell. Den einaste mannen i lokalet, den lokale laeraren August (Ben Whishaw), får i oppdrag å notera ned kva som blir sagt, sidan ingen av kvinnene kan skriva. Til gjengjeld teiknar ei av dei.

Regissør Sarah Polley har fått med seg eit saers oppegåande ensemble av skodespela­rar, frå Claire Foy («The Crown») og Jessie Buckley («Fargo») til Frances McDormand (Oscar for rolla i «Nomadland»). Og her spelar verkeleg heile gjengen godt, som eit ensemble. Du trur på dei tette banda og på det varme og romslege fellesskap­et mellom desse kvinnene.

Samtidig er det her eg strevar litt med «Women Talking» – samtidig som eg ser at dette tvert om kan appellera til mange. Men for meg blir på eitt vis litt for mykje av det gode. Litt for varmt, litt for roseraudt, litt for (politisk) korrekt, litt for naert det aktivistis­ke i vår kjønnsoppt­ekne tid. Menn har ei heilt perifer rolle. Enten som kjenslevâr og sjølvutsle­ttande snill sekretaer (Whishaw) eller som overgripar­ar i dette patriarkal­ske samfunnet.

Det heile er fantastisk flott filma, i ein dus fargeskala, i vakkert lys. Her er poetiske bilete av hender, hår, landskap og ansikt. Sånn sett er ikkje «Women Talking» berre ein reflektera­nde snakkefilm, men også ei visuell og estetisk glede å bruka ein kveld på.

Og her spelar verkeleg heile gjengen godt, som eit ensemble. Du trur på dei tette banda og på det varme og romslege fellesskap­et mellom desse kvinnene.

 ?? MICHAEL GIBSON ?? Kvinnefell­esskapet samlar seg på låven for å ta stilling til om dei skal bli og slåst mot mennene eller flykta frå dei.
MICHAEL GIBSON Kvinnefell­esskapet samlar seg på låven for å ta stilling til om dei skal bli og slåst mot mennene eller flykta frå dei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway