Stavanger Aftenblad

Trøbbel i boot camp

FILM: Velmeinand­e og viktig, men ikkje heilt vellukka om homofili i militaeret.

- Jan Zahl

THE INSPECTION Kinopremie­re: 24.03.2023. Med: Jeremy Pope, Gabrielle Union, Bokeem Woodbine, Raúl Castillo. Sjanger: Drama. Regi: Elegance Bratton. Nasjonalit­et: USA, 2022. Aldersgren­se: 12 år. Lengde: 1 time, 35 minutt.

Mang ein kunstnar har laga mang ein film eller skrive bok med utgangspun­kt i eiga livshistor­ie. Mykje av det har blitt veldig bra. Å vera tett på stoffet, kjenna det innanfrå, kan vera ein stor fordel.

Samtidig kan det bli for naert. Så naert at det manglar litt nødvendig avstand.

Regissør Elegance Bratton har laga ein film om å prøva å koma gjennom boot camp for å bli amerikansk marinejege­r. Det er ekstremt hardt. Og det blir langt verre for Ellis French, fint spela av Jeremy Pope, når det ganske raskt blir klart for dei andre på brakka at han er homofil. For i det machomilit­aere miljøet skal ein ikkje vera homofil.

Brattons første langfilm følgjer Ellis frå livet som heimlaus, via mora som ikkje vil ha noko med sin homofile son å gjera, og gjennom boot camp. I tillegg til den harde treninga blir Ellis utsett for slag, spark, mobbing og utstøyting – men etter kvart også glimt av støtte.

Tematikken er i seg sjølv både interessan­t og viktig. Problemet for «The Inspection», er at det blir litt for mykje av det same gjennom det meste av filmen. For mykje av skrikande offiserar og sveittande rekruttar som gjer harde øvingar, i god «En offiser og en gentleman»-tradisjon. Det blir noko repeterand­e over dei stadige ekstra hindera Ellis møter på. Litt for lite dramaturgi­sk utvikling. Litt for lite spennande korleis dette til slutt skal gå.

Så var det dette med kritisk avstand til seg sjølv og si eiga historie. Ellis må nemleg vera noko av det naeraste eg har sett eit perfekt menneske. Same kor nedrige og faele alle andre blir, er han utelukkand­e snill, storsinna, tolmodig, empatisk, sterk – og sjølvsagt vakker. Så perfekt at han nesten blir vanskeleg å tru på.

Regissør Bratton baserer historia om Ellis på si eiga historie. Bratton var ung, svart, homofil og blei marinejege­r frå 2005–2010.

Problemet for «The Inspection», er at det blir litt for mykje av det same gjennom det meste av filmen.

 ?? PATTI PERRET/A24 FILMS ?? Ellis vil bli marinejege­r. Men kjem han seg gjennom machosyste­met i boot camp når han også er homofil?
PATTI PERRET/A24 FILMS Ellis vil bli marinejege­r. Men kjem han seg gjennom machosyste­met i boot camp når han også er homofil?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway