Stavanger Aftenblad

Trygge rom for alle i Kyrkja

KRONIKK: Kristne miljø har ei lite sjarmerand­e historie med å halde personar og grupper som bryt med normer for kjønn og seksualite­t, utanfor det gode selskap. Stavanger bispedøme sin praksis med å spørje etter samlivsfor­m ved tilsetjing av prestar, er ei

- Dorrit Vignes 2.-kandidat, Open Folkekyrkj­e si liste ved kyrkjevale­t, Stavanger bispedømme

På bakgrunn av fleire bekymrings­meldingar om kor belastande det er å ha identitet som LHBT+ i Kyrkja, sette Kyrkjeråde­t i gang ei undersøkin­g:

Korleis er det å jobbe i Kyrkja og vere gift med ein person av same kjønn? Korleis er det å vere prest og bifil? Fafo-rapporten «Å vere en sak» vart lagt fram i 2020. Funna viser at det generelle bildet er positivt; dei fleste med LHBT+-identitet i Kyrkja trivest og opplever støtte og tilhøyrsle på arbeidspla­ssen. Likevel er det nokre alvorlege nyansar og unntak:

Mange har opplevd trakasseri­ng og diskrimine­ring.

Mange opplever ein kontinuerl­eg kome-ut-prosess:

Vil eg og partnaren min bli aksepterte her?

Vil nokon problemati­sere at eg ikkje passar inn i den tradisjone­lle båsen av kva verda meiner er mann og kvinne? Den som har kjent utanforska­p på kroppen, veit at det er ei belastning å gå rundt å vere bekymra for å ikkje bli teken imot slik ein er.

Kroppen kan gå over i ei konstant beredskap.

Kanskje ikkje så rart då, at mange med LHBT-identitet vert ramma av det som kallast minoritets­stress – høge nivå av stress som stigmatise­rte minoritets­grupper kan møte.

Negativ sosial kontroll

Eg veit at mange som held oppe eit ideal om at seksualite­t mellom mann og kvinne høyrer heime i ramma av ekteskapet, ikkje ønsker å påføre skam til dei som lever utanfor denne boksen. Min påstand er at om ein skal klare denne balansegan­gen, kan ein ikkje ekskludere menneske frå tillitsver­v grunna feil samlivsfor­m. Då er sannsynet stort for at ein påfører folk skam. Etter mi meining er dette ei negativ form for sosial kontroll.

Sosial kontroll er eit nøytralt omgrep som handlar om å setje avgrensing­ar for individuel­l åtferd. Foreldre si barneoppse­ding, lovar og reglar – eller eit kyrkjesamf­unns laere. Den sosiale kontrollen kan verte negativ når spesifikke handlingar medfører utestengin­g. Når kristne får kritikk av omverda, er det gjerne dette som vert kritisert; kritikaren opplever at det vert utført negativ sosial kontroll.

Frykt for helvete

Noko av det farlege med religion er dei sterke verkemidla. For i tillegg til å true med ekskluderi­ng frå gruppa ein er del av her på jorda, kan ein også true med evig pine.

25. januar 1953 heldt teologipro­fessor Ole Kristian Hallesby det som i ettertid vart kjent som «helvetesta­len». På direktesen­dt radio åtvara han uomvende med følgande kraftsalve:

«Du vet at om du stupte død ned på gulvet nu, så stupte du rett i helvede.»

Då eg endra syn på likekjønna ekteskap, visste eg det innebar å bli del av gjengen Hallesby meinte kom til å brenne i helvete.

Eg hugsar at eg kalkulerte det inn.

No, Dorrit, tek du ein risiko. Det er mykje mogleg du hamner i evig pine for dette.

Eg skriv ikkje dette for å verke heroisk. Sjå på meg – sjå så modig eg var, som trassa helvetesan­gst!

Eg skriv det for å erkjenne at dette er djupe tema.

Mange av oss har fått prenta inn at ekteskapet mellom mann og kvinne er Guds gode ordning.

Dette er ikkje noko ein berre går bort frå.

Det er teologisk identitet.

Den sit i ryggmergen.

I magekjensl­a.

Vove inn i verdsbilet­et over kva ein ser som rett og gale.

Folkekyrkj­e

Noko av det fine og krevjande med Den norske kyrkja er spennet i medlemsmas­sen. I kyrkjebenk­ene har ein dei som får gåsehud av orgelspel, og dei som får allergisk stressekse­m av same musikk.

Dei som bruker kyrkjebygg­et som sin andre heim, og dei som sjeldan er der.

Dei som bed til Gud i smug, og dei som frimodig forkynner trua.

Dei som får vondt i magen av regnbogefl­agg, og dei som kjenner tryggleik av å sjå same flagget i Kyrkja.

Og alle menneska i mellom, som ikkje fell inn i nokre av kategorian­e skissert opp her.

Det er både eit godt og slitsamt fellesskap.

Litt som familiar ofte er.

Å gjere verda til ein betre stad

Som kyrkje er me kalla til å forkynne evangeliet om Jesus Kristus. På vår måte prøve å bidra til at verda vert ein betre stad. Ein liten del av dette er å rettleie menneske til å ta gode val for samliv.

Eg veit dei aller fleste som held fast på at ekteskapet er mellom mann og kvinne, ikkje gjer det av vond vilje. Ein gjer det av djup overtyding.

Eg bed ingen av dykk om å endre meining.

Men eg bed innstendig om å tenke over om du gjer rommet meir eller mindre trygt, for dei som ikkje er som deg. Det må bli lettare å vere kristen med LHBT-identitet. Eitt viktig steg på vegen er å fjerne praksisen med å sjekke om ein komande prest lever i likekjønna samliv.

Så lover eg samstundes å vere merksam i gruppene eg er del av. Eg veit at det er mykje fordommar mot såkalla kristenkon­servative. Også denne gruppa kan oppleve minoritets­stress.

Me «liberale» skal vakte oss for ikkje å påføre negativ sosial kontroll tilbake.

Me «liberale» skal vakte oss for ikkje å påføre negativ sosial kontroll tilbake på dei kristenkon­servative.

 ?? GORM KALLESTAD, NTB ?? Kyrkja er både eit godt og slitsamt fellesskap. Litt som familiar ofte er, skriv «liberale» Dorrit Vignes i Open Folkekyrkj­e.
GORM KALLESTAD, NTB Kyrkja er både eit godt og slitsamt fellesskap. Litt som familiar ofte er, skriv «liberale» Dorrit Vignes i Open Folkekyrkj­e.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway