Stavanger Aftenblad

Maria og oss

- Andreas Haarr

Det er Maria sin dag denne søndagen. Ver helsa, sa engelen til Maria. Du har fått nåde. Herren er med deg. Det står ikkje om Maria at ho var så from og spesiell, det står ingenting om hennar kvalifikas­jonar. Men Gud hadde sett i nåde til henne.

Maria stokk, og undrast på kva denne helsinga skulle bety, slik at engelen måtte seie; Ver ikkje redd, Maria. Så kjem engelen med denne beskjeden som måtte ha teke pusten frå kven det skulle vera: Du skal verta med barn og få ein son, Han skal verta stor og kallast son til den Høgste.

Maria er from, og jordnaer: Koss skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann? Ho visste at borna ikkje kom med storken. Engelen svarar. Den Heilage Ande skal koma over deg.

Så vedkjenner me kvar søndag at me trur at Jesus vart fødd av Maria møy. Kvifor skulle me ikkje det? Fordi det ikkje går an? Nei, klart det går ikkje an, men Gud er Gud. Det betyr ikkje at me skal kutta ut tanken og logikken, men me skal samstundes halda fast på at Gud er Gud og Gud er større enn oss.

Gud måtte verta menneske for at me skulle koma til Gud.

Berre Gud kan forsona verda med seg sjølv. Ingen av oss kan forsona seg sjølv med Gud. Jesus vert alt me er for at me skal verta alt han er. Gud måtte sjølv ordna opp.

Då må óg fødselen og unnfangels­en vera spesiell. Difor kjem Maria bodskapsda­g med stor glede. Og krafta frå den Høge som kvilte over Maria, er den same kraft som velta vekk steinen påskemorgo­n, og den same krafta han har late bu i oss ved trua. Gud skaper liv og tru óg i dag ved sin Ande og kraft.

For, Gud skapte noko ganske nytt i Maria sitt liv ved Den Heilage Ande. Og då kan me lesa det som eit bilete på koss det er å verta fødd på nytt, ved Den heilage ande, som kristen. Gud skapte noko nytt i Maria sitt liv, ved Den heilage ande. Og Gud skaper noko nytt i oss ved Den heilage ande når han skaper tru i oss.

Det er eit Guds under. Men det gjer det ikkje mindre sant.

 ?? SHUTTERSTO­CK ??
SHUTTERSTO­CK
 ?? ?? For lenge siden
SØNDAGSTAN­KER:
For lenge siden SØNDAGSTAN­KER:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway