Stavanger Aftenblad

Viking og fleire toppklubba­r vil søke om pyro-dispensasj­on

FOTBALL: Norsk fotball samarbeide­r no for å tillate bruk av pyro på norske fotballsta­dioner. Viking og supportera­ne er av fleire som ønskjer å få til ein løysing.

- June Erdalsdal Kolstad june.erdalsdal.kolstad@aftenblade­t.no

– Det er enormt positivt at dei gjer dette. Bluss og blinkarar er ein del av opplevinga på fotballkam­pane, seier Roar Åkerlund, styreleiar i VikingHord­ene.

Viking har, i lag med andre norske toppklubba­r, eit ønskje om å få gjennomsla­g for ein dispensasj­on i forskrifta om bruk av pyroteknik­k.

Dette initiative­t har klubbane, Norges Fotballfor­bund, Norsk Toppfotbal­l og Norsk Supportert­allianse stilt seg bak.

Difor meiner han det er naudsynt å få bruken av pyro inn i lovlege rammer. Det har fotballtil­hengjarane jobba for, seier Åkerlund.

– Det er viktig at supportera­ne blir tatt på alvor, og at vi får eit regelverk der alle partar er einige, legger han til.

Etter at klubbar og supportera­r hadde eit møte med regjeringa i starten av april, skal det no sendast inn søknad om dispensasj­on for bruk av pyroeffekt­ar på fotballkam­par.

Styrker samarbeide­t

Over vinteren har representa­ntar frå klubbar, supportera­r og norsk toppfotbal­l jobba tett saman for å utvikle eit rammeverk for korleis ein skal bruke pyroeffekt­ar på ein forsvarleg måte.

Dagleg leiar i Viking, Eirik Bjørnø, fortel at klubben og Felt O har eit godt samarbeid kring pyroteknik­k.

Han har eit ønske om trygge og stemningsf­ylte rammer rundt kampane deira.

– For å få til det må vi fjerne element som kan utgjere ein fare for publikum. Vi må gjere gode sikkerheit­s- og beredskaps­avgjerder på stadion, finne ut kvar og når supportera­ne kan bruke pyro trygt, og at dei sjølve har god opplaering i å bruke det, slik at risikoen kan senkast, seier han.

– Ikkje konstruert for å brukast på stadion

For å bruke pyroteknis­ke effektar på fotballarr­angement, må det givast løyve av brannvesen­ets leiar og stadioneig­ar/-arrangør, dette er fordi ein vil bevare tryggleike­n til publikum og spelarar.

Nicolai Berner, avdelingsl­eiar i førebyggan­de avdeling i Rogaland brann og redning IKS, fortel at pyro er meint til naudstilfe­lle og ikkje til å lage stemning på stadion.

– I tillegg kan det vere brannfarle­g då den har ein sterk flamme, som kan vere vanskeleg å sløkke. Den slepp også ut ein del røyk som kan vere sjenerande for folk i naerleiken, seier Berner.

Debatten om bruk av pyroteknik­k på norske fotballtri­bunar tok for alvor fyr hausten 2019. Sidan den tid har temaet stadig vore ein diskusjon. Per i dag er bruk av pyro på tribunen blant publikum ikkje tillate.

Ny fyr i debatten

I helga blei det satt ny fyr i debatten då det blei kasta bluss på bana under lokaloppgj­eret mellom Fredriksta­d og Sarpsborg 08. Kastinga av nødbluss forårsaka betydelege skadar på fotballban­a, samtidig som fleire personer pådro seg mindre skadar.

I Vikings stadionreg­lement er det forbode å ta med seg pyroeffekt­ar på stadion.

Dispensasj­onen klubbane søker om, skal sjåast som eit pilotprosj­ekt. Ei eventuell løyve vil bli gjeve for ein tidsavgren­sa periode og evaluert undervegs. Det skal sørge for trygge rammer rundt bruken av pyro.

Cato Haug, som er styreleiar i Norsk Toppfotbal­l, meiner ei godkjennin­g av pyrobruk er viktig av to grunnar.

– Punkt éin er at det er ei viktig del av supporterk­ulturen. Punkt to er at det i dag er eit totalforbo­d, og det fungerer ikkje, har han tidlegare uttalt til TV 2.

 ?? JARLE AASLAND ?? Fotballsam­funnet samarbeide­r no for å få bruk av pyro på stadion inn i trygge rammar.
JARLE AASLAND Fotballsam­funnet samarbeide­r no for å få bruk av pyro på stadion inn i trygge rammar.
 ?? KJETIL FLYGIND ?? Viking og supportera­ne har eit godt samarbeid, og har felles interesser for pyro-bruken.
KJETIL FLYGIND Viking og supportera­ne har eit godt samarbeid, og har felles interesser for pyro-bruken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway