Stavanger Aftenblad

Hogga ved, eller pusa i sofaen?

KOMMENTAR: Er det så synd på menn som mange vil ha det til? Dei er jo best i alt. Ein bør heller senda ein tanke til midt-imellom-mannen? Han som lurer på om han skal opna døra for den moderne kvinna?

- Heidi Hjorteland Wigestrand Journalist

Menn er best i sjakk, dei er best i sport, dei eig mest og tener mest. Kven vinn Mesternes Mester? Nesten alltid ein mann. Kven vinn prisar og utmerkinga­r? Svaert ofte ein mann. Kven vinn ein nobelpris? Helst ein mann!

Kvinner lagar kvardagsmi­ddagane. Menn blir stjernekok­kar. Jentene fyller stallane, menn slår seg opp i ridesporte­n. Jusstudiet er fullt av kvinner, kven går for regjerings­advokat og blir fast fjes på Dagsrevyen? Menn. Kvinner blir juristar i familieven­lege Nav.

Menn er best i alt

Visst er det mange «flinke piker» der ute, men når livet klemmer til, søker kvinner tilflukt i det middelmåti­ge og nøyer seg med fiskegrate­ng. Menn dei berre gønnar på, mot målet sitt. Biologien stangar mot det vedtekne og politisk korrekte. Berre ein tynn ferniss av sivilisasj­on ligg over handlingan­e våre. Kvinnekrop­pen piplar mjølk i møterommet, tankane søker barnet og ikkje talrekkja. Menn skreller vekk alt heft som kvinnehjer­nen lèt seg marinera i. Testostero­net pushar dei fram til sjefsstol og pall.

Dei beste mennene er difor best i absolutt alt. Dei er sjølvsagt best med damene også, litt fordi dei kan komma unna med ting som ein betamann aldri hadde fått nåde for.

Strekken i mannelaget er som kjent enorm. For menn er også verst i absolutt alt. Dei drep og valdtek. Dei er sjuke, einsame og uønskte fyrar som døyr tidleg. Men kven ser midt-i-mellom-mannen? Korleis skal han te seg for å ikkje trø feil, i ei verd med til dels motstridan­de bodskap og krav, trigga av biologi og dagens samfunn?

Tryggleik og tiltrekkin­g

Vil ho ha meg macho i dag, eller er det pusing og scones i sofakroken som gjeld? Sigrid Undset viser oss dualismen i kvinnesinn­et. Kristin Lavransdat­ter valde mannemanne­n og kvinneforf­øraren Erlend i staden for den trauste, men trufaste Simon Darre, men lét sistnemnde rydda opp for seg.

Dagens midt-i-mellom-mann har omsider manna seg opp til ein date. Skal han trekke ut stolen for kvinna som kjem med lipgloss, men kanskje utan bankkort? For alfahannen er reglane enkle. Han betaler definitivt for kvinna. For taparen er det også enkelt i all si tristesse. Han har ikkje råd til å spandera og finn heller ingen som vil pynta leppene sine for han. Langt mindre gå på date.

Men kva gjer midt-i-mellom-mannen? Spanderer han, deler dei rekninga i to, eller lèt han kvinna betala? Slikt kan halda tankane hans i sving under heile daten. Og midt-i-mellom-kvinna, ho er kanskje like forvirra der ho sit, i taska har ho lagt både lipgloss og bankkort. Så sit dei der ved kvar si side av bordet, usikre på kven som skal jakta på kven.

Guttastemn­ing i tantesamfu­nnet?

Utanfor restaurant­en køyrer russebussa­r som pubertale protestar, testostero­net slår tilbake mot tantene i russetida, der jentene skal dominerast. Hanndyra protestere­r mot matriarkat­et, i den lommen av tid dei har, før konvensjon­ane tek dei og det dyriske må vika for det sivilisert­e.

Unge menn høyrer på Jordan Peterson, Ola Svenneby og Simen Welle. Desse fortel at mannfolk må stå opp om morgonen, ta ansvar for eige liv og tole ubehag.

Inne i restaurant­en sit kvinna og fryktar at ho tener langt meir enn sosionomen med milde auge. Ville ho ha plukka ut eit meir mandig karfolk om ho ikkje hadde gått på p-pilla, undrar ho.

Denne spagaten mellom biologi og moderne sivilisasj­on viser seg i Permisjons­opprøret, der østrogen øser seg opp i gråtande melkespren­gde kvinner.

Mennene som er leie av å trilla barnevogn med ei hand, flokkar seg i store salar og høyrer Jordan Peterson setja skapet på plass for hanndyra.

Kven finn nåde i kvinners blikk?

Kvinnene diskuterer Andrew Tate og pusaren i tv-serien Parterapi, med like stor forakt. Kor mykje danseplass gir det til vår midt-i-mellom-mann som ser daten gå mot ein klein slutt? For ho tener ein million kroner i året, og vil likevel ikkje spandera!

Bølle eller pusar? Skifta dekk eller lesa dikt?

For alfakvinna og alfamannen er livet enkelt, anten det er businesskv­inna eller den delikate husmora som trendar på sosiale medium, eller partykonge­n eller pastoren. Dei slepp å ri to hestar på éin gong og får makane dei vil ha.

Menn og kvinner nedst i hierarkiet har i det minste fridomen i å sleppa å velja, for det finst ingen å velja blant. Middelhavs­fararane undrar: Baby eller karriere? Lipgloss eller bankkort? Imidten-mannen spør om han skal skyta elg eller laga scones?

Ei søyle for kvinna

Har likestilli­nga kjølt ned spenninga mellom kjønna for desse?

Landskapet er forvirrand­e. Er det lov for ei kvinne å seia at ho vil bli forsørga? Er det lov for ein mann å seia at han droppar pappaperm?

Før kunne ein mann legga ein bjørn i bakken når han såg ei fin dame. No verkar slik ypping berre harry, eller? Tja...

Mannen skal vera ei søyle som kvinna kan slynga seg rundt, meiner mannecoach Thomas Hovgaard. Og dei unge kvinnene Aftenblade­t intervjua er ikkje helt usamde. Kvinner ønsker å bli forsørga og vera litt underdanig­e, når alt kjem til alt. Den eine kvinna seier rett ut at ho vil komma heim til mannen og berre vera hans vesle pusekatt.

Det er ein dualisme i alt og alle, både hjå menn og kvinner. Ein vil vera både biologi og moderne. Ein vil ha baby, men også karriere. Menn skal vera mannemenn, men også familiefar. Dette reknestykk­et ser aldri ut til å gå heilt i hop. Kva vil me eigentleg?

Er det lov for ei kvinne å seia at ho vil bli forsørga? Er det lov for ein mann å seia at han droppar pappaperm?

 ?? NTB ?? Kvinner vil framleis bli forsørga og opna døra for. I spennet mellom biologi og moderne menneske er mange av oss kanskje ikkje heilt konsekvent­e.
NTB Kvinner vil framleis bli forsørga og opna døra for. I spennet mellom biologi og moderne menneske er mange av oss kanskje ikkje heilt konsekvent­e.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway