Stavanger Aftenblad

– Arkitektan­e bør lytta til folket

STAVANGER: K8-bygget i Stavanger er nominert til Arkitektur­opprørets «Grøss-medalje» – og har fått femmar på terningen av Aftenblade­ts arkitektur­kritikar. Står folket og arkitektan­e mot kvarandre i kva som er god arkitektur?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– For meg framstår det som eit billig høghus i glas. Alt har handla om å trykka inn flest mogleg kontorplas­sar, seier Saher Sourori.

Som frontfigur i Arkitektur­opprøret i Norge står han i spissen for ein Instagram-konto og ei Facebook-side med til saman 120.000 følgjarar.

Postgiroby­gget?

Opprørets motto: «Vakker arkitektur gjør oss glad og fornøyd. Men i dag bygges det stygge bygninger. Vi ønsker å endre dette.»

Arkitektur­opprøret kjempar for den tradisjone­lle arkitektur­en.

– Kva er så gale med K8-bygget?

– Folk i Stavanger begynte å senda bilete og meldingar lenge før det var ferdig. Dei syntest det var forferdele­g stort, stygt, klossete, mørkt, dystert og kjedeleg. Mange meiner det liknar Postgiroby­gget i Oslo. Eg er einig, svarar Sourori.

Det kom så mange nominasjon­ar av K8 til Arkitektur­opprørets «Grøss-medalje» at det hamna på Topp 10-lista deira over styggaste nybygg i Norge i 2023.

Men smaken er, som kjent, som baken. I helga trilla Aftenblade­ts arkitektur­kritikar ein femmar for bygget. Han meiner K8 er mindre prangande enn fleire andre bygg i same kvartal:

«Det mest kontrovers­ielle med Stavangers mest omtalte «høyhus» er forbløffen­de nok hvor lavt og tjukt det er blitt,» skriv Anders Rubing.

Fint – og stygt

Då Aftenblade­t gjekk ut og spurte folk kva dei syntest, viste seg at somme meinte bygget – og rekka det inngår i – er stygt. Mens andre meinte bygget fungerer fint i miljøet der det står.

Det viser seg at både arkitektar og folk kan ha ulik smak kvar for seg. Men Arkitektur­opprøret har bidrege til å løfta ein debatt om forskjelle­n i smak mellom fagfolk og folket.

Korleis forklarer Saher denne forskjelle­n?

– Det er gjort vitskapleg­e undersøkin­gar som viser at arkitektst­udentar i starten av studiet har ganske lik smak som folket. Men mot slutten av studiet endrar dette seg. Då får arkitektan­e ein annan smak, svarer Sourori.

Ifølgje Saher, forklarer undersøkin­gane dette med at ein går frå å tenkja konkret på det visuel

le til tenkja meir abstrakt og konseptuel­t.

– Det ein ser med augo, som fasaden, har ein i mindre grad med seg i vurderinga av bygget som arkitekt. Ikkje-arkitektar tenkjer meir visuelt, sanseleg og på det konkrete uttrykket, seier Sourori – og legg humrande til:

– Men når arkitektan­e kjøper hus til seg sjølv, er dei overrepres­enterte i å kjøpa bygg frå før 1920. Så kva dei tenkjer profesjone­lt og privat kan vera to ulike ting.

Arkitektur­debatt

Temperatur­en i arkitektur­debatten har gått markant opp etter at Arkitektur­opprøret kom på banen. Sourori syns ikkje arkitektan­e svarer saerleg godt for seg når dei har blitt utfordra.

– Dei har prøvd ulike strategiar og tilnaermin­gar – og har mislukkast med alle. Først prøvde dei å latterlegg­jera oss. Så sa dei at det var dumt å snakka om «fint» og «stygt». Men nå snakkar også arkitektan­e om «fint» og «stygt». Det viser seg at arkitektan­e er minst like opptekne av stilartar som folket. Men dei liker ein annan stilart enn folket.

På latin betyr ordet «populus» «folket». Av «populus» kjem «populisme» – ein kommunikas­jonsform som ifølgje Store norske leksikon appellerer til «folket», som motsetnad til «eliten».

– Driv Arkitektur­opprøret med reinhekla arkitekton­isk populisme?

– Det kjem an på kva du legg i omgrepet. Er det negativt? Eg meiner ein må ta meir omsyn til ønska til dei 99,9 prosentane av folk som ikkje er arkitektar. Til dei som er omgivne av arkitektur­en. Er dette populisme, er me populistar.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Toppetasje­n på K8 byr på
byens beste utsikt.
PÅL CHRISTENSE­N Toppetasje­n på K8 byr på byens beste utsikt.
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? K8 er nyaste tilskot i rekka av bygg mot Breiavatne­t i Stavanger sentrum.
PÅL CHRISTENSE­N K8 er nyaste tilskot i rekka av bygg mot Breiavatne­t i Stavanger sentrum.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway