Flin­ke jen­ter bø

Det er man­ge flin­ke jen­ter som er dyk­ti­ge i job­ben sin, men som ald­ri blir for­frem­ma, el­ler får sto­re bo­nu­sar i løn­nings­po­sen. Bli be­visst på sig­na­la du sen­der ut, opp­mo­dar image­kon­su­lent An­ne Pünt­her.

Varden - - LØRDAG -

An­ne Pünt­her mei­ner kvin­ner i Noreg i dag er ster­ke og har makt. Nors­ke kvin­ner ligg på in­gen måte un­der man­nen, men dei har man­ge mog­leg­hei­ter som dei kan bli meir be­viss­te på å ut­nyt­te po­si­tivt.

- Eg har stor re­spekt for skil­na­da­ne mel­lom kvin­ne og mann, og ein skal gle­de seg over des­se skil­na­da­ne. Han er mann og eg er kvin­ne med uli­ke mog­leg­hei­ter, sei­er An­ne.

Li­ke­vel er det noko fel­les. Bå­de mann og kvin­ne har be­hov for å føle seg vel og ha tru på seg sjølv. Den ko­den gjeld over alt og for alle.

- Nå er det ikkje alle som vil bli sett, pre­si­se­rar An­ne Pünt­her.

- Men for dei som ønskjer å bli meir syn­le­ge, for ek­sem­pel på ar­beids­plas­sen, er det vik­tig å job­be med sjølv­kjens­la. Det å føle seg vel er vik­tig å få på plass. Så kjem sjølv­til­li­ten, som sei­er at du er bra nok, for­kla­rar ho.

Når ein har fått på plass des­se to ele­men­ta, star­tar job­ben med å over­fø­re det­te til ut­sjå­na­den, det vi­su­el­le. Kles­stil, smin­ke og fri­sy­re skal un­der­stre­ke kven du er og kven du vil vise at du er.

By­jen­te frå Lun­de

An­ne Ma­rie Lia Pünt­her er frå Lun­de, men bur nå med mann og barn i Oslo. I 2005 re­gist­rer­te ho sitt eige kon­su­lent­fir­ma, der ho hjel­per and­re til å fin­ne sin ei­gen stil. Det er ikkje bare smin­ke og kles­stil som blir sett un­der lupa. Fyrst må kun­da­ne få hjelp til å fin­ne seg sjølv, og ikkje minst kva dei ønskjer å for­mid­le til and­re med ut­sjå­na­den sin. Eit første­inn­trykk kan vere utru­leg vik­tig i no­kon sa­man­hen­gar.

- Det finst så man­ge dyk­ti­ge men­nes­ke med brei bak­grunn, som ikkje er så syn­le­ge som dei ønskjer å vere. Nett­opp sli­ke ønskjer eg å hjel­pe, gjen­nom å styr­ke sjølv­kjens­la. Alle har noko å vise fram vi­su­elt. Eg gjev opp­læ­ring i å gje­re ret­te inn­kjøp, slik at du får vist fram den du vil vere.

KOM­BI­NA­SJON: - Vel ba­sis­plagg med god kva­li­tet som du kan ha i man­ge år. Dei har du i til­legg til bil­li­ge kjede­kle­de, sei­er An­ne Pünt­her in­ne på fa­vo­ritt­bu­tik­ken Zel­da i Vi­ka.

IMAGE­KON­SU­LENT: An­ne Ma­rie Lia Pünt­her frå Lun­de job­bar som image­kon­su­lent med base i Oslo. Ho hjel­per men­nes­ke som vil vi­su­ali­se­re sine ster­ke si­der.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.