Varden

Gaustatopp­en må ikkje bli spekulasjo­nsobjekt for private

-

Etter at Forsvaret sa opp leigekontr­akten med Forsvarsby­gg, vil Forsvarsby­gg kvitte seg med heile eigedomen i Gaustatopp­en, truleg fordi dei ikkje lenger har bruk for han.

Eg er usikker på om salget bare omfattar baneanlegg­et, eller om det også gjeld arealet rundt toppen ned til høgdekote 1600 moh., med frådrag av Telemark Turistfore­nings tomt rundt si eiga turisthytt­e.

Er det bare snakk om salg av baneanlegg­et, vil det vera mest naturleg at Statsbygg, eventuelt Telemark fylkeskomm­une saman med Hjartdal og Tinn kommunar sikrar seg dette, for så eventuelt å inngå avtale med Gaustabane­n AS om drift av banen vidare, noko som så langt har vore relativt vellukka.

Gjeld salget også sjølve fjellareal­et rundt toppen, må dette sikrast statleg eigarskap, mot at det blir innløyst gjennom erstatning til tidlegare grunneigar­ar, dersom avtala er slik at det skulle falle tilbake til desse når behovet og bruken av området opphøyrer.

Dette er vanleg prosedyre når Forsvaret ikkje lengre har bruk for området. Overdragin­ga bør skje vederlagsf­ritt frå eitt statleg organ til eit anna.

Gaustatopp­en er ein nasjonal naturskatt. Det vil vera naturleg at Miljøvernd­epartement­et gjennom Direktorat­et for naturforva­ltning, og regionalt Fylkesmann­en, får forvaltara­nsvaret for dette unike fjellområd­et i tida framover.

Gaustatopp­en med Gaustaråen og Gaustaknea ligg frå naturens side tilfeldigv­is i Hjartdal og Tinn kommunar, men er ei naturens gåve til heile nasjonen. Fjellet er unikt og er til stor glede i opplevinga og folkehelsa­s teneste for alle som har dette som det fremste turmålet sitt. På natur- og kulturarra­ngementet «Gaustadage­n» finn over 3.000 menneske vegen til toppen, og gjennom året gjestar 50 til 60.000 dette fjellet. Til og med på 17. mai tar mange skituren opp for å feire nasjonalda­gen til fjells.

Etter at nyheita om at baneanlegg­et i Gaustatopp­en er på salg, har kommentara­ne frå ulike hald ikkje latt vente på seg. Eg undrar meg over så sterke interesser og meiningar om Gaustatopp­en og banen der si framtid frå slike som nesten ikkje har vore der og ikkje kjenner dette som sitt kjære fjell, og med det ser på det som ei naturgåve.

Rett nok er eg einig med dei som meiner at private og griske hender ikkje må få kloa i Gaustabane­n, og med det ta grepet om heile Gaustatopp­en som ein privat herlegdom.

Men avgjerdsla om at det offentlege sikrar seg eigedomsre­tt og forvaltnin­gsansvar hastar før eit stortingsv­al til hausten med usikkert resultat, som i verste fall kan bety privatiser­ing av heile naturherle­gdomen og «indrefilet­en» i norsk fjellnatur.

 ??  ?? Jon Ingebretse­n
Jon Ingebretse­n

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway