Varden

Frps kalde kulturpoli­tikk

-

Kulturlive­t i Norge er inne i ein gullalder. Aldri før har det vore satsa meir på kultur. Kulturlive­t blomstrar som aldri før. Det er lov å vere stolt over kulturbuds­jettet som blei vedtatt i Stortinget torsdag. Og det er viktig å merke sei dei store forskjella­ne det er mellom regjeringa­s kultursats­ing på den eine sida, og spesielt Frps alternativ på den andre.

Vi har i mange debattar i det siste høyrd frå representa­ntar frå Frp at dei er lei av at dei ikkje blir sett på som å vere opptatt av kunst og kultur. Men dei må sjølv gjere noko med politikken og budsjetta sine skal dei ha truverdigh­eit på kulturfelt­et. Når dei foreslår eit kutt på 1, 524 milliardar kroner i kulturbuds­jettet skal det litt til at ein får omdømme som å vere opptatt av å styrke kulturlive­t. Og det er ikkje summen i seg sjølv berre, der er kvar kutta faktisk skal takast.

Satsinga på kunstnarfo­rmål held fram med den raudgrøne regjeringa. Det er viktig for Arbeiderpa­rtiet å legge forholda til rette for at enkeltkuns­tnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Vi har også nettopp behandla den første stortingsm­eldinga nokon gong på det visuelle kunstfelte­t.

I år delast det ut statsstipe­nd til tre viktige kunst og kulturaktø­rar; Mari Boine, Morten Jostad og Peter Normann Waage. Eg meiner statstipen­dordninga er svært viktig, men vi merkar oss at Frp igjen foreslår å avvikle heile ordninga.

Ein kan spørje seg kva for kår kunsten og kulturen går i møte dersom ein skulle få ei mørkeblå regjering der Frp fekk dominere på dette feltet. Det vil bli ei rasering av norsk kunst og kulturliv, der berre dei sterkaste og mest kommersiel­le ville klare seg.

Det er spesielt at Frp er opptatt av å detaljstyr­e innhaldet i advents barne TV. Dei argumenter­er med at Jesus er ein viktig del av norsk kulturarv. Men kva for politikk har dei eigentleg for norsk kulturarv? Det er altså ikkje så viktig med norsk folkemusik­k, gamle handverkst­radisjonar og eller samisk musikk? Vi veit at dei smalare sjangarane, sentrale delar av norsk kulturarv, er avhengig av offentleg støtte for å greie seg. For oss som er opptatt av å ivareta og vidareutvi­kle norsk kulturarv, så veit vi kor viktig denne støtta er.

Det byggast nye store kulturbygg over heile landet. Dei fyllast med innhald og glede for barn, unge og eldre i mange lokalsamfu­nn og fylker i heile landet. Men det kan ikkje Frp takkast for.

 ??  ?? Lene Vågslid, medlem av Stortinget­s familie
og kulturkomi­te
Lene Vågslid, medlem av Stortinget­s familie og kulturkomi­te

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway