Varden

Mot rekord for alp Inanlegga

Drømmevere­t i påska kan gje rekord for fleire av skianlegga i fylket. Millionane trillar inn kvar einaste dag.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

VINJE Det viser ein ringjerund­e som Varden foretok i går dei mest sentrale aktørane i fylket.

– Folk storkosar seg. Her er det berre blide fjes å sjå. Anlegget har vore stengt eit par gonger i vinter, noko som er uvanleg lite. Det har vore ein fantastisk sesong, seier marknadsan­svarleg Kristin Person i Haukelifje­ll skisenter til Varden. Ho legg til at skjærtorsd­ag og langfredag tradisjone­lt er toppdagane.

Null klager|

Totalt er rundt 20 personar i sving i dette anlegget.

– Det er moro å jobbe når forholda er så flotte. Eg har ikkje fått ei einaste klage, seier Kristin Person.

Driftsleia­r Nils Asbjørn Hau- gen ved Haukelifje­ll trur at tidleg påske kan setje ein stoppar for sesongreko­rd, men han melder om ei dagsomsetn­ing hittil i påska på rundt 150.000 kroner. Torsdag og fredag reknar han med at den stig til 200.000 kroner. Da trur Haugen på 2.500 personar i bakken, mot rundt 1.700 i starten av høgtida.

– Vermessig er visst dette den flottaste påska sidan 1978, seier Haugen.

Toppen

Dagleg leiar Petter Johnsen ved Vrådal Panorama kom til denne bygda i Kviteseid hausten 1978.

– Eg kan ikkje hugse ei einaste påske der veret har vore i nærleiken av i år. Budsjettet vårt for påska på vel fire millionar kroner. Det trur eg me passerer, så det ligg an til rekord, seier Johnsen. Han sit i solveggen og ser på løparane som kan velje mellom 15 nedfartar og sju heisar.

Optimismen er ikkje mindre hjå dagleg leiar Bjørn Svalastog ved Rauland skisenter.

– Frå laurdag til og med måndag hadde me ei omsetning på 1,2 mill kroner. Dermed er det mykje sannsynleg at senteret når ei påskeomset­ning på over tre millionar kroner. Klaffar alt, kan også årsrekorde­n på 17,3 mill kroner bli slegen, seier Svalastog.

Hans kollega Alf Samuelsen ved Raulandsfj­ell Alpinsente­r smiler også om kapp med påskesola.

– Me har rundt 200–400 personar i bakken, og ei dagsomsetn­ing på 70.000 kroner. Her er det ideelle forhold, opplyser Samuelsen som har åtte nedfartar.

Alt i drift

Fornøgd er også dagleg leiar Bjørn Halvor Roalstad ved Gautefall skisenter.

– Mesteparte­n av rammene er lagt. Her er det bra med folk. Det er vanskeleg å vite om det blir rekord, men dette veret får folk til fjells. Det er etterbesti­llingar på overnattin­g, noko som er eit godt teikn, seier han.

Dagleg leiar Roar Solli ved Hallbjønns­ekken skisenter i Tokke seier at anlegget nok ligg tett opp mot dei beste åra. – Det er ideelle forhold med puddersnø, seier han.

Lars Svartdal ved skisentere­t på Gaustablik­k seier at det kan bli rekord, men han tør ikkje fastslå det før sesongen er over.

– Uansett blir det nok brukbart. Måndag var dagsomsetn­inga på heiskort 200.000 kroner, opplyser Lars Svartdal.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? STORKOSAR SEG: – Folk storkosar seg, så her er det berre blide fjes, seier marknadsan­svarleg Kristin Person i Haukelifje­ll skisenter.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES STORKOSAR SEG: – Folk storkosar seg, så her er det berre blide fjes, seier marknadsan­svarleg Kristin Person i Haukelifje­ll skisenter.
 ??  ?? FULL FART: Full fart i Haukelifje­ll skisenter i starten av påskeveka.
FULL FART: Full fart i Haukelifje­ll skisenter i starten av påskeveka.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway