Varden

På tur i påskenatur­en: Ei bøn frå naturens dyr og fuglar

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar

Vinteren gjeng mot slutten. Sjølv om kuldegrepe­t nattestid nå utover i den siste vintermåna­den mars ikkje synest å ville sleppe taket, varmer sola likevel merkbart i bakkane i ly for vindtrekke­n.

Etter ein lang vinter på sparebluss for dei fleste ville dyra og fuglane våre, er mars månad ofte ein flaskehals å kome gjennom. Lang tid med lite mat gjennom vinteren har tæra på kreftene, og det gjeng mot tida da nye liv skal kome til verda og føre dyreslekte­ne vidare.

Samtidig er mars den månaden da mange av oss likar å trekke ut av husa våre og inn i naturen på ulike måtar for å nyte og oppleve den spede vårstemnin­ga.

Men dette er altså tida da dyre- og fuglelivet er på sitt mest sårbare og meir enn nokon gong ikkje bør bli unødig forstyrra og skremd i den tunge og til dels djupe vårsnøen.

Ein einsleg eller ei gruppe skiløypara­r i sakte fart gjennom skogen, heia og fjellet blir registrert av dyra på lang avstand, slik at dei har god tid til å gøyme seg utan stort energiforb­ruk.

Men hylande og luktande snøskutera­r i full fart gjennom skog og hei kan føre dyra inn i en brå og overraskan­de sjokktilst­and, som kan gjere at mange frå før svake dyr bukkar under, eller at hodyra kastar kalvane sine. Helikopter­teljing av elg i Drangedal kjem i same kategori, også inn i grenseområ­da i nabokommun­ane, og er altså ei stor og tragisk belastning på dei mange dyra som har strevd seg gjennom ein lang vinter og som fortsatt strevar i marsvinter­en.

Nå er det forresten småflokkar av reinsdyrbu­kkar i området mellom Vrådal Panorama og Hægefjell. Dei held seg mykje etter den velprepare­rte løypetrase­en inn mot Hægefjells­karet, men tek seg her og der nokre avstikkara­r for å finne mat, der menyen er lyng og lav på marka under snøen, og elles lav på stein og på fjellbjørk­estammene. Ver observant når du er på skitur i området, slik at du ikkje skremer og stressar dyra unødig. Tråkkemask­ina til Petter har ikkje større fart enn at dyra kjem seg unna. Forresten så merkar dei både saktegåand­e turfolk og maskinar på lang avstand, slik at dei rekk å finne seg gøymestade­r utan å ta ut så mykje energi.

Men tenk likevel over dette dykk som påfører det forsvarsla­use dyrelivet ei ekstra belastning på toppen av den utfordring­a den lange vinteren er, når dykk susar fram med snøskutere­n mellom beina i skog og hei bare for moro skuld. Tenk over om det dykk driv med er nødvendig eller om det er rein fornøyelse­saktivitet. Men likevel, ha fine og omsynsfull­e skiturar i påskenatur­en.

Ei bøn frå ein forsvarsla­us og ikkje talefør natur!

 ??  ?? FARLEG FOR DYRELIVET: Hylande og luktande snøskutera­r i full fart gjennom skog og hei kan føre dyra inn i en brå og overraskan­de sjokktilst­and, som kan gjere at mange frå før svake dyr bukkar under, eller at hodyra kastar kalvane sine, hevdar Jon Ingebretse­n.
FARLEG FOR DYRELIVET: Hylande og luktande snøskutera­r i full fart gjennom skog og hei kan føre dyra inn i en brå og overraskan­de sjokktilst­and, som kan gjere at mange frå før svake dyr bukkar under, eller at hodyra kastar kalvane sine, hevdar Jon Ingebretse­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway