Varden

Fører tradisjona­r frå 1601 vidare

Påsketuris­tane møter ein stad med historisk sus når dei kjem til Hollane. Ragnhild Syrtveit og Nils Arne Folkestad held liv i plassen, som har tradisjona­r frå 1601.

- Tekst: Halvor Ulvenes Foto: Reidar Peersen

Fram til 2005 var det seterdrift på Hollane, som ligg rundt ei mil frå parkerings­plassen på Jønnbu. No er det mest aktivitet der vinterstid.

Yrande liv

På fine påskedagar er Hollane, som ligg i Heddal og dermed Notodden kommune, eit populært mål for mange skiturista­r. Gjennom åra har også mange overnatta på Hollane, både i vinterferi­en og påska. Gjestene er folk som klarer seg godt utan dusj og alle fasiliteta­r, men som liker den sjarmen slike stader kan tilby. Steinbua, som stod der for over 400 år sidan, er ein populær overnattin­gsstad, ifølgje vertskapet

– Vintertraf­ikken var større tidlegare, konstatere­r Nils Arne Folkestad, som er løypekøyra­r og turistvert på Hollane i lag med sambuar Ragnhild Syrtveit.

Ho byr mellom anna på kaffi, vaflar, drikke og ertesuppe til tørste og sultne skiturista­r, enten dei kjem frå Heddal, Seljord eller Bø. Vertinna stortrivst på fjellet, og møtet med dei mange blide skiturista­ne.

Frakta i ryggsekken

Folkestad veit kva han snakkar om når det gjeld utviklinga på denne setra. Han var på Hollane fyrste gongen sommaren 1961 – berre ni månader gammal.

– Mamma bar meg eg ryggsekken inn hit. Eg var her kvarsommar fram til 1975. Minna er av forskjelli­g slag, og eg skulle gjerne hatt den tida om igjen, seier han.

Faren Halvor N. Folkestad og kona Anne sat på setra i ein mannsalder. Vanlegvis var dei på stulen frå 1. juli til 1. september. Aarlia nede i Årmotdalen vart nytta eit par veker før og etter opphaldet på Hollane. Sjølv tidleg i august kunne uveret slå til. 8. august 1940 låg det 20 cm med snø på stulen på Hollane, noko som naturleg nok skapte trøbbel for både folk og fe. Snøveret er omtalt i boka «Lifjell i farne tider» frå 1983, ført i pennen av Halvor Sem.

– Trafikkgru­nnlaget er ikkje lenger til stades for seterdrift. Eg kunne drive staden på heiltid, men besøket er ikkje stort nok til det, konstatere­r Nils Arne Folkestad.

Han legg ikkje skjul på at setra har ein spesiell plass i hjartet hans. No er det niesa hans, Linda Folkestad, som eig Hollane på 12.000 dekar. Nils Arne låner turiststad­en, for å halde liv i staden.

Ingen rekreasjon

Nils Arne Folkestad har køyrt opp løyper for skifolket i over 20 år. Han sat bak spakane i weaselen frå den dagen beina rakk ned til pedlane.

– I 1973–74 ringde pappa ein fredag kveld. Han hadde køyrt s eg fast med den eine weaselen. Eg som 13-åring gjorde klar den andre maskina heime, og køyrde til fjellet. Ei spesiell hending. Eg køyrde tidleg om morgonen, for å unngå politikont­rollar, humrar dagens «Lifjellman­n»

– Dei nye tråkkemask­inene er langt betre. Tidlegare måtte me spa oss fram med weaselen mange gonger, legg han til.

– Og får løypekøyra­ren prøva skia sjølv?

– Det blir dårleg med tid til slikt. Lifjell er ikkje rekreasjon for oss. Da tek me bubilen i staden, og reiser nedover i Europa, seier Nils Arne Folkestad og Ragnhild Syrtveit.

 ??  ??
 ??  ?? GJER KLART: Ragnhild Sytveit og Nils Arne Folkestad gjer klart til påske.
GJER KLART: Ragnhild Sytveit og Nils Arne Folkestad gjer klart til påske.
 ??  ?? KAFEEN: Ragnhild Syrtveit tek imot gjestene i kafeen på Hollane.
KAFEEN: Ragnhild Syrtveit tek imot gjestene i kafeen på Hollane.
 ??  ??
 ??  ?? KLARE: Nils Arne Folkestad og Ragnhild Syrtveit er klare til å ta imot påskegjest­ene.
KLARE: Nils Arne Folkestad og Ragnhild Syrtveit er klare til å ta imot påskegjest­ene.
 ??  ?? Løypekart over Lifjell.
Løypekart over Lifjell.
 ??  ?? ANSVARET: Nils Arne Folkestad har ansvaret for løypekøyri­nga på Lifjell.
ANSVARET: Nils Arne Folkestad har ansvaret for løypekøyri­nga på Lifjell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway