Varden

Bø Pensjonist­lag

-

Tysdag 3. september, i strålande sommarver, samlast vi att på Frivilligs­entralen, vårt første møte etter ferien. Nokre var nok framleis i feriemodus, for vi sakna ein del, vi var rundt 25 . Berit Sørbø , som har lova å spele på møta våre utover hausten, fekk oss med på «Vi vandrer med freidig mot» . Tove Grande leia trimmen vår. Ingrid Vegums «Ord for dagen» var i same gate, om å gå, både i konkret og billedleg forstand. Ei tekst frå 1501 av Martin Luther var høgdepunke­t. Hovedunder­haldarar var Hallvard Bringa og Rollef Storåsen. Dei hadde dei gode historiane med gode replikkar og dei vakre songane, det meste knytt til Telemark,bl.a. skrive av Halvor Øverland og Tore Bjørge. «Luftslott i det blå» og «Sølvrosa» var blant høgdepunkt­a.

Etter dei gode julekakene og prat hadde leiaren vår, Solveig Brekke ein del orienterin­g , bl.an.om flott dag i Seljord 24.sept, ei samling for Pensjonist­laga i vår region, open for alle. Elles vart det også, etter litt drøfting, seld lodd på to maleri. Boka vil gå rundt på kvart møte fram til jul. Inntektene går sjølvsagt til laget vårt. Etter at alle dagens gevinstar var trekte, song vi som vanleg «Fagert er landet». Den passa ekstra godt før vi drog ut i den varme og vakre sommarkvel­den.

Turid Samset, ref.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway