Varden

Knivdramae­t i preste garden

Dugnaden enda med blod og tragedie. Anders Lauritzsøn blei drepen med kniv på prestegard­skjøkkenet i Bø.

- Tekst: Halvor Ulvenes

Drapet frå 1681 er omtala av lokalhisto­rikar Gregar O. Nordbø. Varden har fått kopi av det handskrivn­e materialet som fortel om den dramatiske hendinga for snart 333 år sidan.

Prestefrua

Den 15. august 1681 arrangerte Abigael Christensd­otter Heide dugnad i prestegard­en. Ho var gift med Jesper Jakobsøn Achthon. Han var sokneprest i Bø frå 1676-1689, men bortreist da prestefrua hadde samla bygdefolke­t til gratis arbeid. Abigael var dotter til den tidlegare sokneprest­en i Bø. Ut frå arkivmater­ialet kan det sjå ut til at dugnaden omhandla rydding av prestegard­shagen i Bø.

På den tida var det vanleg praksis at dugnadsarb­eidarane blei servert god mat og all den drikke dei ønskte seg etter at jobben var utført. Gjestebode­t var såleis betalinga for arbeidet. Ofte enda desse seansane med fyll og slagsmål. Slik var også tilfelle på denne augustdage­n.

Yppa til strid

Han som blei offeret i denne kampen, Anders Lauritzsøn, yppa til strid da Jens Torbjørnss­øn kom inn i rommet, og sette seg ved høgbordet. Torbjørnss­øn, som blei drapsmann denne dagen, var ikkje beden på dugnad. Kranglinga starta etter følgjande kommentar frå Lauritzsøn: «Nu er det kommet en bikkje i bondens sete.» Jens Torbjørnss­øn reiste seg og slo i bordet. Det blei ei ordvekslin­g, som kan tyde på at Anders Lauritzsøn frykta for livet. Han sa i alle fall følgjande: «Ta fua mi!»

Dette – og mykje anna – kom fram i vitneforkl­aringane under rettssaka nokre veker seinare. Der fortalte Anne Christensd­otter at ho høyrde prestefrua, som var syster hennar, formana Jens Torbjørnss­øn om å gå heim. Han følgde ikkje oppmodinga, og prestefrua forsvann derfor av frykt ned i kjellaren, ifølgje notata etter Gregar O. Nordbø.

Såg kniven

Vitnet Anne Christensd­otter såg at da Jens Torbjørnss­øn tok handa ut av lomma, så hadde han ein kniv. Ho ropa derfor ut at dei måtte passe seg, men straks gjekk Jens til angrep og stakk Anders Lauritzsøn med kniv i brystet. Det skjedde da Lauritzsøn sat ved bordet.

Etter ugjerninga sprang Torgier Mørkholt til Jens og førte han baklengs ut av stovedøra, og inn i framstova. Der avvæpna han drapsmanne­n, kasta kniven på golvet, for sidan å ta vare på drapsvåpen­et. Det kom da skrik og rop om at Anders var død.

Dei spara ikkje på ølet. Presten hadde brennevins­kjele, og var ein av dei få i samfunnet som hadde lov til å brenne.

Djevelen

Ei anna syster av prestefrua, Pernille Christensd­otter, høyrde ei ordvekslin­g mellom drapsmann og offer før knivstikki­nga. Drapsmanne­n Jens sa følgjande: «Du skal ikke heller være borgermest­er over mig.» Da svara offeret Anders: «Nei, jeg vil ikke heller, min Jens.»

Pernille såg også dramaet. Det står følgjande i rettsproto­kollen: « ... men hun agtede ikke at han hadde nogen kniv i haanden.»

Prestefrua Abigael leverte skriftleg prov. Ho hadde høyrt Anders sa: «Jens, jeg har jo intet utestaaend­e med dig.» Anders hadde også sagt at Jens ville «gje han djevelen», men at dette måtte han svare for ein dag. Drapsmanne­n skal så ha replisert: «Ja, Anders, du staar høgt, men se til at du ikke falder ...»

Stoppe blodet

Sagmeister Strømme var eit anna vitne i retssaka. Han visste lite om kva som hadde skjedd, men blei ropa inn av prestefrua for å sjå om det var mogleg å stoppe blødningan­e til offeret.

Vitnet Torbjørn Haugerud fortalte retten at han hadde lege ute og sove – og visste derfor ikkje noko som helst om drapet.

Spara ikkje

Kjøkkenet i dagens prestegard er frå andre halvdelen av 1600-talet, og var dermed ganske nytt da drapet skjedde.

Styreleiar Finn Rønning i stiftinga Bø prestegard seier det var vanleg med alkoholser­vering på prestegard­ane i tidlegare tider.

– Dei spara ikkje på ølet. Presten hadde brennevins­kjele, og var ein av dei få i samfunnet som hadde lov til å brenne, seier Finn Rønning.

Han fortel elles at det var ein del lundeherin­gar med på denne dugnaden som enda så tragisk.

 ??  ?? ÅSTADEN: Finn Rønning, leiar av stiftinga Bø prestegard, sit ved gruva der drapet skjedde for over
ÅSTADEN: Finn Rønning, leiar av stiftinga Bø prestegard, sit ved gruva der drapet skjedde for over
 ?? FOTO: BØ PRESTEGARD ?? STORE ENDRINGAR: Bø prestegard rundt 1880.
FOTO: BØ PRESTEGARD STORE ENDRINGAR: Bø prestegard rundt 1880.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? 330 år sidan.
FOTO: HALVOR ULVENES 330 år sidan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway