Varden

Saftig lønnshopp i kommunalt e-verk

Resultatet blei redusert frå 10,7 til 3,2 mill kr på eitt år. Lønna til toppsjefen auka likevel med 299.000 kroner.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Adm. direktør Jon Arne Mørch Jonassen kan smile. Han er toppsjef i det interkommu­nale selskapet Midt-Telemark Energi, som er eigd av kommunane Bø, Nome og Sauherad. I 2011 fekk MTEsjefen utbetalt 1.069.000 kroner i lønn og anna godtgjersl­e. Året etter var beløpet auka til 1.368.000 - eller nær 28 prosent. Lønna i 2012 var på 1.207.000, og ekstra godtgjersl­e kom opp i 161.000 kr.

Kjøpte ferie

– 2012 var litt spesielt. Eg fekk kompensert for ferie som eg ikkje fekk teke ut som følgje av kraftfusjo­nane. Dette blei utbetalt som lønn, seier Jon Arne Mørch Jonassen til Varden. Han opplyser at lønna var 1.150.000 og feriekjøpe­t såleis utgjorde 57.000 kroner.

– Lønna er tilpassa nivået i bransjen. Eg ligg under landsgjenn­omsnittet, og på line med tilsvarand­e selskap i fylket. Skagerak ligg langt over. Det folk gløymer er overtida. For min del ligg den på 700-800 timar i året. – Kva med lønna di i 2013? –Den har auka mindre enn bransjen. No er ordinær lønn 1,2 mill kr.

Vil ikkje

– Resultatet har gått ned?

–Dette er styrt av rammer frå NVE. Me er supergode heile tida, seier adm. direktør Jon Arne Mørch Jonassen.

Tidlegare Bø-ordførar Gunleik Hynne var styreleiar ved lønnsjuste­ringa. Han er no ute av styret, og ønskjer derfor ikkje å kommentere saka.

 ??  ?? TAUS:
Tidlegare styreleiar Gunleik Hynne (t.h.) vil ikkje kommentere lønnsauken til Jon Arne Mørch Jonassen.
TAUS: Tidlegare styreleiar Gunleik Hynne (t.h.) vil ikkje kommentere lønnsauken til Jon Arne Mørch Jonassen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway