Varden

Høgre strupar kommunane

Økonomi

- Lokallagsl­eiar, Seljord Sp

Svar til Solveig Sundbø Abrahamsen (H) om eigedomssk­att på arbeidsmas­kiner m.v. i verk og bruk.

Sundbø Abrahamsen ynskjer å sjå heilskapen i forslaget som regjeringa nå har på høyring. Då skal eg hjelpe til med det: Heilskapen for norske kommunar er at vi har ei regjering som ikkje prioritere­r velferd og gode og trygge lokalsamfu­nn.

Forslaget vil ta vekk skattegrun­nlag for kommunane. Dette vil gje mindre pengar til å drive skule, eldreomsor­g og næringsutv­ikling der folk bur. Når regjeringa heller ikkje kompensere­r manglande skatteinnt­ekter i kommunane fullt ut, er dette ein alvorleg situasjon. Mange kommunar kjenner seg pressa til å innføre eigedomssk­att. Kommuneøko­nomien har vorte svekka heilt sidan Sundbø Abrahamsen tok turen til Løvebakken for to år sidan. Dette er ein ønska politikk frå H og Frp, slik at det skal bli enklare å slå saman kommunar, sentralise­re og privatiser­e. Andre døme på denne politikken er politirefo­rma, som vil gje mindre nærpoliti, og sjukehusfo­retaka, som har ført til nedlegging av Rjukan og Kragerø sjukehus og eit svekka DPS i Seljord. I sum gjev det mindre tryggleik og reduserte tenestetil­bod i Seljord og i Telemark.

Senterpart­iet ynskjer å bruke meir pengar på lokal velferd, og vi seier ja til nærpoliti og lokalsjuke­hus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway