Varden

Dei aktivisere­r bå de unge og gamle

Gjennom 20 år har dei stått på for at motorungdo­mmen i regionen skal ha eit tilbod.

- b Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Brørne Hallvard og Nils Torfinn Ralle har jobba for Rallebanen sidan starten i 1995, og det blir sett pris på i klubben NMK Bø som tel rundt 45 medlemmer.

I tipset om julekringl­e frå eit medlem heiter det at den vesle klubben har stram økonomi, men ei dugnadsånd som mange kan lære mykje av.

– Alle er blide og står på for at andre skal kome ned på Rallebanen, køyre under trygge forhold og ha det moro, skriv innsendare­n.

Tok initiative­t

Det var far til brørne, Eivind Ralle, som tok initiative­t til Rallebanen for rundt 25 år sidan.

– Den gongen var det eit tilbod nær skyttarban­en i bygda, men det fall bort. Det irriterte pappa, og dermed opna han for etablering av bane her på garden. Det er også greitt med eit tilbod som ligg utanfor sentrum av bygda, fortel Hallvard og Nils Torfinn Ralle. Dei rosar dagens leiing i klubben, Vidar Drøivold, Tore Innleggen og Ragnar Lund, samt eit talrikt korps av dugnadsarb­ei-darar som alle gjer ein framifrå innsats for at tilbodet skal bestå.

Oppsving

Ralle-brørne seier at klubben har fått eit oppsving dei siste åra.

– Det skuldast eit fantastisk samarbeid der alle jobbar godt saman. Det sosiale miljøet gjer at me har bruka tida på dette tiltaket, understrek­ar Hallvard Ralle. Han meiner at klubben gjennom arbeidet har fanga opp ungdom som har slite med å finne seg til rette andre stader.

– Eg trur nok klubben har redda tre-fire personar frå å hamne på skråplanet. Her liker dei seg og føler seg noko verdt. Ingen blir slått handa av i NMK Bø, seier Hallvard Ralle.

Alle aldrar

Han fortel at klubben har 25 aktive deltakarar, og at den femnar frå yngste aldersklas­se og opp mot 70 år. Det blir lagt stor vekt på sikkerheit ved bruk av banen, og klubben har så langt unngått alvorlege ulykker, ifølgje Hallvard Ralle. Han har nettopp gått av med pensjon etter rundt 44 år som sjåførlæra­r. Han sjølv liker å konkurrere, og det gjer også Nils Torfinn som har sopa inn mange pokalar etter meir enn 30 år som konkurrans­ekøyrar. Nils Torfinn har delteke i fleire landsfinal­ar, seinast på Kongsberg i år.

– Me har fleire kvinnelege deltakarar i klubben. Det skaper eit rikare miljø, avsluttar Rallebrørn­e.

 ??  ?? FLEIRE BILAR: Nils Torfinn og Hallvard Ralle har fleire bilar tilgjengel­eg
på Rallebanen. STAS: Brørne Nils Torfinn Ralle (t.v.) og Hallvard Ralle liker at arbeidet deira blir verdsett i bygda.
FLEIRE BILAR: Nils Torfinn og Hallvard Ralle har fleire bilar tilgjengel­eg på Rallebanen. STAS: Brørne Nils Torfinn Ralle (t.v.) og Hallvard Ralle liker at arbeidet deira blir verdsett i bygda.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway