Varden

For oss som set pris på å ha både Notodden, Bø og Ulefoss som senter er me bekymra for toget som nå går.

Det er dessverre lite å høre frå politikara­ne i Sauherad vedrørande kommunestr­uktursaka. For ein del er det sikkert greitt å sitte i ro og la toget gå, med stoppestad Bø eller Ulefoss.

- Nils Angard

Medan me i øvre Sauherad blir meir og meir urolege etter som forhandlar­ane møtast og lite eller ingen informasjo­n frå møta blir gjort kjent. Det som har kommi fram av informasjo­n frå siste møte, og som ein finn i Kanalen, er dette: Sauherads oppsummeri­ng:

mener en felles identitet må bygge på lokal identitet

bedre muligheter for felles strategi for samfunns- og boligbyggi­ng

Sauherad mener en sammenslåi­ng gir pluss på alle punkter. (Kanalen 04.12.15) Kor er øvre Sauherad i desse formulerin­gane? Vil ein ikkje sjå at for oss er samfunns- og bu- stadbyggin­g uløyseleg knytt til Notodden og vidare austover? Har ikkje Sauherad nå ein unik sjanse til å bruke dette og arbeide for ein større samanslutn­ing i Aust- og Midt-Telemark? Eller er det så lettvint som somme politikara­r har sagt, bare la Hjuksebø gå til Notodden, så får me viljen vår? Er det så lettvint, og så viktig, at bygda må delast for å sleppe å samarbeide med Notodden? Det er eit sterkt ønskje at ordførar og varaordfør­ar i Sauherad visar seg i debatten. Det skal skapast felles identitet bygd på lokal identitet, og dette skal vel gjelde heile Sauherad? Korleis få dette til? For oss som set pris på å ha både Notodden, Bø og Ulefoss som senter og servisetil­bod er me bekymra for toget som nå går, og at ein del av oss blir ståande att på stasjonen. Hører me frå dekkan?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway