Varden

Fekk stjerne i boka

Økonomien i Bø er på rett veg. Måndag kveld fekk administra­sjonen massiv ros av dei folkevalte.

-

MASSIV ROS:

BØ – Eit godt utarbeidd budsjett. Eg vil gje ros til administra­sjonen for retningen på budsjettet­og satsinga som skjer no er i tråd med det som vart sagt i valkam- pen, understrek­a fungerande ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp). Han svinga klubba sidan Olav Kasland hadde forfall.

– Det er eit skøyrt budsjett som set krav til leiarskape­n. Sjukefråve­ret er ei utfordring, la Kaasa til.

Endeleg rett veg

Fungerande varaordfør­ar Bergit Askildt Myrjord (V) konstatert­e at budsjett/økonomipla­n viser at økonomien endeleg er på rett veg, og at kommunen no kan byggje opp fond for å møte uforutsett­e hendingar i framtida.

Ho sa seg fornøgd med retningen i budsjettet, og at det blir satsa på førebyggja­nde tiltak. Myrjord nemnde her vidareføri­ng av 1,5 millionar kroner til skule og styrking av 1.- 4. klasse.

Myrjord er veteranen i Bø kommunesty­re, ho har prega Bøpolitikk­en sidan 1980-åra. Ho la ikkje skjul på at det er krevjande sider ved budsjettet. Fleire eldre enn forventa og fleire skuleeleva­r i vekstkommu­nen Bø. Konklusjon­en hennar er at budsjett og økonomipla­n er eit godt verktøy for å få sunn økonomi, men at administra­sjonen ikkje må slappe av når det gjeld god leiing og økonomisty­ring.

Ikkje mest sexy

Kristin Digranes Bøen (KrF) var ein av fleire som delte ut ros til administra­sjonen.

– Eg har tru på dette budsjetten, sa KrF-politikare­n.

Asbjørn Botnen (H) sa at det er blitt ein ny giv over økonomisty­ringa i Bø.

– Budsjettet er ikkje av det mest sexy slaget, men det er godt, påpeika representa­nten for det blå partiet som er ein del av posisjonen i Bø. Glenn Isaksen tok opp att Apframlegg­et frå formannska­pet om å stoppe auke i SFO -satsane, men det fekk berre ni av dei 25 røystene. Fleire Ap-representa­ntar peika på at satsane er svært høge, men Geir Sønstebø (V) viste til at samla blir avgiftstry­kket for folk i Bø redusert.

Per Atle Einan (SV) viste til at ved å budsjetter­e med lågare sjukefråve­r, brukar kommunen fire millionar som den ikkje har. Han meiner det er litt bingo.

Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Administra­sjonen i Bø kommune fekk mange godord av kommunesty­ret under møtet måndag kveld. Her er ein del av benken på ikkje-sosialisti­sk side.
FOTO: HALVOR ULVENES Administra­sjonen i Bø kommune fekk mange godord av kommunesty­ret under møtet måndag kveld. Her er ein del av benken på ikkje-sosialisti­sk side.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway