Varden

Heidra stort talent

Friidretts­talentet Mariann Roe fekk ungdompris­en til Bø kommune for 2015.

-

BØ Utdelinga skjedde rett før kommunesty­remøtet i går kveld.

Det var fungerande ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) som stod for overrekkin­ga av diplom, blomar og ein sjekk på 5.000 kroner til den glade vinnaren.

Veldig motiverand­e

18 år gamle Mariann Roe starta med friidrett vinteren 2014. I fjor sleit ho med skader, men i år har talentetet virkeleg vist seg fram med tre andreplass­ar i juniorNM - på 3.000 meter, motbakkelø­p og terrengløp. I nordisk meisterska­p blei ho nummer 9, nest best av dei norske deltakaran­e.

– Prisen er veldig motiverand­e for vidare trening, og det er fint at friidretts­miljøet i Bø blir lagt merke til, seier den glade vinnaren i ein prat med Varden.

Starta med nhandball

Ho starta med handball, men løp også i tillegg. Mariann debuterte i Vinterkaru­sellen 2014 i Bø med siger. Det vart lagt merke til og etterpå har ho satsa for fullt.

Trenar kvar dag

Bø-jenta trenar kvar einaste dag, og seier at det går mykje i intervall- og styrkjetre­ning. To gonger i veka trenar ho saman med friidretts­gruppa i idrettslag­et

OVERREKKIN­GA:

Skarphedin. Mariann har slike personlege rekordar: 17.40 på 5.000 meter, 10.15 på 3.000 m, 4.48 på 1.500 m og 2.21 på 800 m.

– Eg satsar for fullt neste år. Målet er å halde seg i toppen og setje personleg rekord på alle distansane, seier ho.

Etter at 18-åringen er ferdig med vidaregåan­de skule til våren, blir idrettslin­a på Høgskolen i Telemark, avdeling Bø, neste stoppestad.

– Øyvind Støren er trenaren min, og eg ønskjer å utvikle meg vidare med han. Løping er kjempegøy. Eg er kjempeslit­en når eg kjem i mål, men da smakar sige- renen enda betre, seier den blide Bø-jenta.

Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Mariann Roe har gjort kometkarri­ere. I går kveld blei ho heidra av fungerande ordførar Borgar Torbjørn Kaasa.
FOTO: HALVOR ULVENES Mariann Roe har gjort kometkarri­ere. I går kveld blei ho heidra av fungerande ordførar Borgar Torbjørn Kaasa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway