Varden

Trår til for Rikke i

I kampen mot kreftcelle­ne får Rikke Øien Nykos enorm støtte av venninna Gunlaug G. Svalastoga.

-

RAULAND – Gunlaug er unik, seier Rikke som fekk ein alvorleg kreftdiagn­ose 6. august i år. I månadene etterpå har bardomsven­ninna Gunlaug stilt opp på mange vis for Raulands-kvinna som har tre barn på 4, 6 og 11 år. I kampen mot sjukdommen har Rikke vist enormt pågangsmot og stå-påvilje. Dette er blitt lagt merke til i nærmiljøet.

Sprer humør

Ein tipsar, som meiner at dei to saman har gjort seg fortent til Vardens julekringl­e, skreiv mellom anna følgjande til avisa:

– Gunlaug stiller opp med barnepass, lagar sunne smoothier, drar ho med seg på turer til Falkeriset og andre trimturar, ho er alltid i godt humør og får andre rundt ho til å bli i godt humør. Er veldig omtenksam og tenkjer på andre før seg sjølv. Rikke har trass alvorleg sjukdom, stått på med godt mot og godt humør. Ein meister til å tenkje positivt og ein utruleg stå-på-vilje. Ønskjer at desse to får nyte kringla saman.

Veldig overraska

Kvinnene har halde saman sidan dei voks opp i same huset i Haukeli frå siste del av 1970-åra. Dei synest påskjøning­a er heilt topp.

–Kjempetriv­eleg. Eg blei heilt «sett ut» da Gunlaug ringte, seier Rikke. Ho er ved godt mot, og aktar ikkje at kreftcelle­ne skal vinne denne kampen.

– Eg er 40 år og har tre barn som eg har lyst til å å følgje vidare i livet. Siste undersøkin­ga synte at kreftsvuls­tane er blitt mindre. Cellegifta virkar, seier 40-år gamle Rikke. Ho seier at er det viktig å leve så normalt som mogleg, men vedgår at i ein slik tøff kamp er blir et både opp- og nedturar. Ho rosar elles systera Mari, Rauland barnehage, der ho er pedagogisk leiar, kreftavdel­inga på Moflata, samt ektemann, foreldre, barn, resten av familien og fleire i nærmiljøet for svært god støtte.

Lyst til å hjelpe

Rikke seier at støtta frå Gunlaug er svært viktig for barna, og at dei føler tryggleik når venninna trår til med henting i barnehage eller andre oppgåver. Det høyrer med at dei har to døtrer på elleve år som er blitt bestevenni­nner. For Gunlaug er det sjølvsagt å hjelpe til.

– Eg gjer det av lyst og ikkje plikt, seier 41-åringen som utvilsamt er eit omsorgsmen­neske av dei sjeldne. Ho er vidare full av beundring over korleis den gode venninna taklar kampen mot sjukdommen.

Halvor Ulvenes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway