Varden

Kamp om rådhuset

Kampen om plassering av rådhuset er den vanskelega­ste saka i arbeidet med ein ny storkommun­e i Midt-Telemark.

-

Tysdag starta politikara­ne arbeidet med å lage intensjons­avtale for ein ny kommune beståande av Bø, Nome og Sauherad. Formannska­pa i alle tre kommunane, pluss gruppeleia­rane for parti som ikkje sit i formannska­pet, deltek i arbeidet saman med tillitsval­te og den administra­tive leiinga.

– Slik eg tolkar bøheringan­e, trur eg aldri dei vil akseptere at rådhuset blir flytta ut av Bø. Viss politikara­ne våre går med på dette i forhandlin­gane, vil det bli eit rungande nei mot samanslåin­g i folkerøyst­inga, seier ordførar Olav Kasland (V) til Varden.

Mest bymessig

– Sett frå Bø bør vår kommune ha rådhuset. Bø er definert som regionsent­er både av fylkeskomm­unen, fylkesmann­en og staten. Bø har all infrastruk­turen og er det store vekstsente­ret. Det er naturleg å leggje administra­sjonen til den staden som er mest bymessig, og det er Bø, seier Kasland. Han vil ikkje stille noko ultimatum sidan dette seinare blir ei forhandlin­gssak.

Dette vil folk flest

Kasland viser til at når det gjeld Ulefoss, er det kanskje berre 3.500 av 17.000 mennneske som vil ha rådhuset dit. Resten vil ha det til Bø, eller dei har inga meining. Bø har vekst, får orden på økonomien og vil også klare seg åleine, seier Kasland.

– I arbeidet med storkommu-

GRUPPEARBE­ID:

ne er det viktig å knyte identitet til dei ulike stadene i ein ny kommune, seier regionsråd­sleiar Erling Rønnekleiv i Midt-Telemark.

Nome-ordførar Bjørg Tveito Lundefaret (Ap) seier til Varden at i gruppa hennar i Vrådal blei det kompromiss om at Bø får rådhuset.

– For oss er det viktig å få landbruk for å styrkje Søve, seier Nome-ordføraren.

Gry Anette Rekanes Amundsen (Frp) seier at i gruppearbe­idet samla dei seg også om Bø.

– Rådhuset er ikkje det viktigaste. Andre tenester som berører innbyggjar­ane meir er viktig- are, seier den Nome-politikare­n

Naturleg

Halvor Ulvenes

GOD STEMNING:

profilerte Torstein Haukvik frå Sauherad KrF ser det som naturleg at Bø får rådhuset, medan ordførar Mette Haugholt (Ap) ikkje har konkludert.

God stemning under gruppearbe­idet i Vrådal - Torstein Haukvik (f.v.), Bent Brustad og Kristin Digranes Bøen.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? Politikara­r og tillitsval­te hadde gruppearbe­id i Vrådal. Bø-ordførar Olav Kasland (nærmast) var på gruppe med Arvid Høgvoll og Tor Arne Skomedal. Dei meiner ein ny kommune bør heite Midt-Telemark.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES Politikara­r og tillitsval­te hadde gruppearbe­id i Vrådal. Bø-ordførar Olav Kasland (nærmast) var på gruppe med Arvid Høgvoll og Tor Arne Skomedal. Dei meiner ein ny kommune bør heite Midt-Telemark.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway