Varden

Straumen ko

Bygda hadde Europas største basseng med 600 millionar kubikkmete­r vatn, men Møsstrond fekk fyrst elektrisk straum 50 år etter kraftutbyg­ginga.

-

UNDER BYGGINGA:

VINJE «Er det inga grense for kva ei fjellbygd må finne seg i», heiter det i eit omfattande vedtak frå Rauland heradstyre 7. juli 1945.

Vedtaket er referert i den nye jubileumsb­oka om Rauland Kraftforsy­ningslag. Den er kjelda til opplysning­ane i denne artikkelen.

Protestert­e

Raulending­ane var også på krigsstige­n mot utbyggaran­e naermare 40 år tidlegare. Med Sivert Vaagen som ordførar vedtok heradsstyr­et å protestere mot at Hydro høgda Møsvatn-dammen utan ny konsesjon.

16. november 1907 gjorde politikara­ne eit omfattande vedtak. Her heiter det mellom anna:

«Heradstyre­t må beda riksstyret hindra den nye uppdemming­i som Kvaelstofk­omp. hev sette i gang utan konsesjon. Og me må på det sterkaste telja ifrå, at det vert gjeve konsesjon».

Protesten blei omtalt på fyrstesida i Dagbladet ti dagar seinare. Stortinget gav likevel A/S Rjukanfoss løyve til å halde fram med arbeidet.

Kraftline i 1945

Utbygginga av straumnett­et heldt fram. Rauland fekk straum i 1940, og etter freden i 1945 auka kravet om straum til bebuarane på Møsstrond.

I juni dette året kom gladmeldin­ga om at kraftlina på 13 kilometer over fjellet er ferdig, med ein kostnad på 203.000 kroner.

 ??  ?? I båten Herman Hove (f.v.), Einar Øygarden, Jon Larsen og Jon Toresgard under bygging av lina over
I båten Herman Hove (f.v.), Einar Øygarden, Jon Larsen og Jon Toresgard under bygging av lina over

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway