Varden

«Ei paere i kvart rom»

-

FORTEL:

Etter straumutby­gginga på Møsstrond var det lite sløseri med elektrisit­eten. Tidleg på 50-talet var det stort sett ei paere i kvart rom.

VINJE Det fortel Jon Hove i jubileumsb­oka om Rauland Kraftforsy­ningslag. Intervjuet vart gjort i heimen hans i august 2014.

Han var da 92 år, like klår og med eit uvanleg godt minne, ifølgje forfattar Kjell Bitustøyl.

Ville ha komfyr

I tillegg til ei paere i kvart rom ville også folk ha komfyr. Sjølv hadde Hove komfyren på plass da elektrifis­eringa var ein realitet.

– I 1950 fekk me om lag 20.000 kroner i erstatning­ar. Bror min Hermann fekk eine halvparten og eg den andre. Eg kjøpte tømmer på rot til nytt uthus og komfyr for dei 10.000 kronene, heiter det i intervjuet.

Stor augneblink

Hove legg ikkje skjul på at det var stort å få elektrisit­et. Han seier at han bar nevøen sin Torgny på eit par år, og den vesle pjokken slo på dei fyrste brytarane.

– Det var ein veldig stor augneblink, saerleg for mor. Ho hadde streva på i desse små kalde husa, heiter det i intervjuet frå 2014.

Hove fortel at dei ikkje nytta straum til oppvarming i huset. Det var mogleg, men dei hadde ved og var friske.

Litt lunefull

Hove fortel elles at komfyr og kjøleskåp blei frakta i ein båt dei kjøpte i 1938 – ei snekke på 18 fot som blei laga mot Rosendal.

Vedkomfyre­n og bakaromnen stod side om side etter at elektrisit­eten kom, for straumfors­yninga var litt lunefull på den tida. Den gamle vedkomfyre­n var derimot sikker, framgår det av intervjuet.

Der heiter det at straum til oppvarming fyrst blei nytta da dei fekk varmepumpe i nyare tid.

Viktigast

Hove fortel vidare i intervjuet at straumen nok var viktigare enn telefonen.

– Det var telefon i mange år berre til Hovden, seinare til Førnes. Eg trur telefonen kom i slutten av 30-åra til Hovden.

Hove fekk radio av Hydro-direktør Bjarne Nilsen i 1939.

– Men så måtte me levere han, veit du. Det var ein Philips batterirad­io med akkumulato­r. Me fekk nok temmeleg fort elektrisk radio da straumen kom, men det blei og betre batteri.

Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: KJELL BITUSTØYL ?? Jon Hove fortel om straumutby­gginga i boka.
FOTO: KJELL BITUSTØYL Jon Hove fortel om straumutby­gginga i boka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway