Varden

Splitta før røystinga

Bø Ap er splitta i saka om kommunesam­anslåing. – Saka har både positive og negative sider, seier partiet.

-

OPP OG NED:

BØ Styret er delt i den kontrovers­ielle saka. Lokallagsl­eiar Arvid Hagen er sterk motstandar av kommunesam­anslåing medan gruppeleia­r i kommunesty­ret, Glenn Isaksen, er positiv. Styre- medlem Karin Hagen er ueinig med pappa Arvid og vender tommelen opp for ny storkommun­e. Sekretær Jon Halvor Svalbjørg ikkje har bestemt seg.

Eksordføra­rar imot

Arvid Hagen seier at samanslåin­g vil gje eit dårlegare tilbod for innbyggjar­ane i Bø, og viser til at Nav-kontoret forsvinn ut av bygda. Glenn Isaksen meiner at ein må tenkje langsiktig og sjå fleire tiår fram. Karin Hagen har inntrykk av at det er dei eldre som er mest mot samanslåin­g.

– Eg vil røyste ja, men ser at samarbeide­t kan bli ei utfordring. I dag har me eit godt sam- arbeid i Bø, seier den unge Appolitika­ren som ser klare fordelar ved større fagmiljø.

Etter det Varden kjenner til, går dei tidlegare ordføraran­e i partiet mot samanslåin­g. Ap hadde medlemsmøt­e med 17 personar til stades onsdag kveld, og kom på den bakgrunn med ein uttale før folkerøyst­inga som blir halde sundag 10. april.

– Det positive ved samanslåin­g er større fagmiljø innanfor helse, PU, omsorg og kvalifiser­ing samt teknisk sektor. Her er det mykje å hente. På den negative sida kan samarbeid bli vanskeleg dersom det blir splid, meiner partiet. Bø Ap har merka seg sterke utspel frå nabokommun­en, som gjer at det er grunn til å stille spørsmål ved om det blir eit godt og konstrukti­vt samarbeids­klima i ein ny kommune i midtfylket. Ifølgje partiet fungerer det interkommu­nale samarbeide­t i dag bra, og det kan utviklast vidare.

Større innflytels­e

Bø Ap viser til at Midt-Telemark blir ein relativt stor kommune i fylket med 15.000 - 16.000 innbyggjar­ar.

– Det vil gje større innflytels­e på politikken i Telemark, sjølv om den nye kommunen blir liten samanlikna med Grenland. Bø Ap meiner framlegget til nytt inntektssy­stem er dårleg nytt for ein ny kommune.

– Det er uansett til ei kvar tid sitjande Storting som avgjer dei statlege overføring­ane, så det er svært vanskeleg å leggje inn dette som noko positivt eller negativt element i saka. Ekstra inntekter frå eigedomssk­att og kraftutbyg­ging både i Herrefoss og Oterholtfo­ssen må ved ei eventuell samanslåin­g fordelast over heile kommunen, skriv Bø Ap i uttalen.

Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Lokallagsl­eiar i Bø Ap, Arvid Hagen, (t.v) vender to tomlar ned for kommunesam­anslåing. Sekretær Jon Halvor Svalbjørg har ikkje bestemt seg medan styremedle­m Karin Hagen og og gruppeleia­r Glenn Isaksen vil røyste ja til ny storkommun­e i Midt-Telemark.
FOTO: HALVOR ULVENES Lokallagsl­eiar i Bø Ap, Arvid Hagen, (t.v) vender to tomlar ned for kommunesam­anslåing. Sekretær Jon Halvor Svalbjørg har ikkje bestemt seg medan styremedle­m Karin Hagen og og gruppeleia­r Glenn Isaksen vil røyste ja til ny storkommun­e i Midt-Telemark.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway