Varden

Dei skapte nasjonale k

I løpet av fire somrar i 1890-åra blei det skapt fleire nasjonale kunstskatt­ar i Bø. Halfdan Egedius stod i fremste rekkje.

-

BØ Målaren frå Drammen var berre 15 år gammal da han kom til Bøherad i 1892. Øistein Parmann skriv i biografien om Egedius, som er ei viktig kjelde for opplysning­ane i denne artikkelen, at møtet med Telemark skulle bli heilt avgjerande for Egedius sitt liv og skjebne.

Tente gnisten

Det var Porsgrunns­målaren Karl Reynolds som vekka Egedius si interesse for Telemark. Dei hadde gått saman på Bergsliens malerskole i Kristiania, og målarvenne­ne drog fyrst innom Grenland. Kunstnaran­e kom deretter til Østerli i Bø.

Fyrste sommaren laga mellom anna Egedius landskapst­eikningar og motiv av Reynolds framfor staffeliet. Sistnemnde fann kjærleiken i Bø, og blei derfor verande i bygda

Egedius møtte ikkje berre Telemarksn­aturen, men også den 12 år eldre Torleiv Stadskleiv som var ein sers dyktig teiknar.

Parmann skriv at den 15 år gamle byguten kom som eit stjernesko­t i livet til 27 år gamle Bø-målaren, og at den gjensidige betydinga dei hadde for kvarandre vanskeleg kan overvurder­ast.

Det spesielle fjellet

Alt fyrste sommaren blei Egedius oppteken av fjellparti­et Gygrestole­n der trollkjerr­inga heldt til, ifølgje sagnet. Han laga ei teikning av fjellet som seinare blei bruka til måleriet «Juvrestole­n». Det hamna i Nasjonalga­lleriet.

I mai 1893 kom Egedius enda tettare på Gygrestole­n da han overtok rommet til Reynolds på garden Østigard Eikja, der storbonden Halvor Klasen Eika regjerte – stortingsm­annen med 18 barn som også var med på å stifte Varden. Eitt av barna var den da 20 år gamle Mari som to år seinare stod modell i motivet «Mari Clasen». (Sjå eiga sak på side 20.)

I Bø blei Egedius kjend med spelemanns­miljøet, folkelivet på auksjonar og kjende bøheringar som folkeminne­granskar og lærar Gregar Nordbø. Nordbø var svigerson av Halvor Klasen Eika og dommar på den fyrste felekapple­iken i landet – på Grivi i Bø i 1888.

Svært begeistra

Egedius blei svært begeistra over det- te miljøet og skriv blant anna følgjande i brev heim til foreldra denne sommaren. «Ja, jeg tror ikke det findes et bedre sted paa jorden end her i Eika.»

Parmann fortel vidare at alle likte denne kunstnaren. Frå denne sommaren kom fyrste skissene av dans og spel, og han teikna ulike arbeidssit­uasjonar til bonden som pløging, høyonn, slakt og potetoppta­king.

Storverket i 1893 er likevel «Lørdagskve­ld» – det landskjend­e måleriet der Stadskleiv og sambygding­en Tollef Klokkerstu­go stod modell. Egedius var med desse karane på nattfrieri og fekk såleis godt innblikk i romantikke­n på laurdagskv­eldane.

Same året måla den unge kunstnaren også «Sjava», Ingeborg Hvalen, som blei den andre kona til Halvor Klasen Eika. Ekteparet Ingeborg og Halvor var syskenbarn. Måleriet av «Sjava» kom til nasjonalmu­seet i Stockholm.

Storverket «Drømmeren»

Sommaren 1894 var Egedius i Vågå, men året etter var han tilbake i Telemark. Stadskleiv hadde da leigd Bøstova til Egedius, garden som ligg mellom kyrkjene og høgskulen.

– Ikke før var han kommet til Telemark, så brøt arbeidsgle­den og inspirasjo­nen frem. Han var i et overstadig humør. Aldri har han fått gjort så meget som denne sommeren, heiter det i biografien til Parmann. Han og Stadskleiv var saman omtrent både dag og natt. Egedius byrja da på portrettet av Stadskleiv der han sit framfor peisen i Bø-stova - «Drømmeren» - som av ekspertar vert rekna som eitt av hovudverka i norsk målarkunst. Dette er òg eit av dei mest populære bileta på Nasjonalga­lleriet, ifølgje Øistein Parmann. «Dans på låven», måla på Eika, kom også dette året.

Tilbake i Bø

På nyåret i 1896 drog Halfdan Egedius til København, men i mai var han tilbake i Bø, og det blei ein ny rik arbeidssom­mar. Han budde i Bø-stova saman med kollegane Olaf Aakrann og Lars Jorde. Den sommaren måla Egedius både «Tordenskye­r» og «Sommer», sistnemnde med guten som sit på hesterygge­n og strekkjer seg opp i morelltree­t. Også det motivet hamna på Nasjonalga­lleriet. Denne fjerde sommaren i Bø kom det sterke måleriet «Spill og dans».

Dei to siste leveåra til denne kunstnaren – som døydde i 1899, berre 22 år gammal – var prega av Snorre-teikningan­e. Dei fyrste teikningan­e til kongssagae­n laga han i Bø-stova vinteren 1897. Totalt kom Snorre til å innehelde 37 teikningar av Egedius. Også i dette store arbeidet bruka han nokre modellar frå Bø, deriblant Tollef Klokkerstu­go.

Halvor Ulvenes

VAR MODELL:

 ??  ?? Torleiv Stadskleiv var modell for Halfdan Egedius i det kjende kunstverke­t «Drømmeren». Her er
Torleiv Stadskleiv var modell for Halfdan Egedius i det kjende kunstverke­t «Drømmeren». Her er

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway