Varden

Aust eller vest – kva er best?

-

Da kommunane blei pålagt å utarbeide planar for endring av kommunestr­uktur, meinte eg at Lifjell Rundt eller noko tilsvarand­e var det alternativ­et Sauherad burde samle seg om. Sauherad kommune valde også slik i starten av prosessen. To grunnar til at eg såg dette som rett: 1. Området har så mange felles interesseo­mråde å samlast om. 2. Einaste måten å unngå å dele Sauherad. Etter kvart som nabokommun­ane våre har hoppa ut av og inn i diverse prosjekt, har politikara­ne våre, utan synbar egen vilje, godtatt ei polariseri­ng mellom aust og vest i vårt distrikt, og dermed også i eigen kommune. Nå står politikara­r fram som talsmenn for å dele kommunen. Svært spesielt. Folkemøta så langt har ganske eintydig sagt frå om – ikkje at ein fyrst og fremst ønskjer å dele kommunen, men at deling blir resultatet når ein må velje side: aust eller vest. Bø og Nome har tatt sine val, greitt nok, politikara­ne våre har blitt med på reisa. Kanskje fordi dei ser deling som ok, eller fordi dei ikkje har nytta høvet til å bruke politisk makt og kløkt til å føre oss fram til eit samlande, ikkje splittande resultat. Det har vori lite konkret å høre frå kommunesty­rerepresen­tantane så langt. To ferske innlegg i media frå representa­ntar for SP rår til å velje MidtTelema­rk-alternativ­et. Rekkedal og Slettebø ser det mangeårige MT- samarbeide­t som så vellykka at det er grunn god nok til samanslåin­g med Nome og Bø. Nå er det slik at samarbeid på tvers av kommunegre­nser er svært utbreidd over heile landet, ikkje unikt her hos oss. I løpet av samarbeids­perioden har folketalet i to av kommunane gått tilbake, økonomien i alle tre er svært pressa, skular er lagt ned. Rekkedal brukar til og med nedlegging av skular i Sauherad som modell for vellykka omorganise­ring! (her er ikkje plass for korrigeran­de argumentas­jon frå mi side rundt dette nå). Ved fleire høve har Midt-Telemarkrå­det blitt korrigert for manglande omsyn til Sauherads nødvendige kontakt med distriktet aust for oss.

Eg ser derfor ikkje mange gode grunnar til at eit Midt-Telemarksa­marbeid vil føre til vekst og utvikling i Sauherad. Mulighetan­e til rasjonalis­eringsgevi­nst er likeleg fordelt mellom dei to avtalene. Alt kjem an på i kor stor grad ein veljer å rasjonalis­ere, og kor klokt det blir gjort. Svært få av oss har bedt om kommune-endring, prosessen er politisk styrt sentralise­ring.Val av alternativ blir ein del synsing, ein del fakta, men mest om kva ein ser for seg av utvikling i samfunnet framover. Aust – avtala vil på sikt vera best for heile kommunen, og med eit innhald som med stor fordel kunne vori grunnlag for eit samarbeid mellom midt og aust. Nå kan ansvaret for sakene under bli gjenstand for tautrekkin­g mellom to partar, som slett ikkje har vist vilje til å samarbeide, og slikt er ikkje bra. Eg satsar på ei Aust-Telemark-avtale m.a. av desse grunnane: Ansvar for eit sjukehus for regionen. Felles legevakt Samling om støtte til framtidig jernbanedr­ift i området, E 134, RV 36 Svært profesjone­lt brannvesen Høgskulen Klar invitasjon til samarbeid med Kongsberg-regionen Likt gebyrnivå Servisetor­g i tettstaden­e Flyplass Samarbeid om store investerin­gar fram til ny kommune/kommunesam­anslutning

Utvikling av grendene, aktiv kommunal medverknad ved utbygging Aust er store på kraft Verdensarv, austkanale­n, turisme, utmarksnær­ing

I tillegg er me kjent med vegvesenet­s planar om ny veg Grenland - E 134 på austsida. - svært viktig for store delar av Sauherad. Det er trist at politikara­ne i Sauherad aktivt tek val som deler kommunen. Me i øvre delar har lært kva slags barrierer som ligg i ei kommunegre­nse. Men dersom me må gjera eit val mellom aust eller vest, blir Aust-Telemark mitt val. Eg skulle aller helst hatt Midt-Telemark med på laget.

Nils Angard

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway