Varden

Knut har fått tilbake sveitserst­ilen frå 1898

Knut Midtbø har fått tilbake sveitserst­ilen på våningshus­et på Brenne. Slikt blir det pris av.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

i fjor fekk bøheringen byggeskikk­prisen for den unike restaureri­nga på garden i Eikjabygda.

Ikkje til å kjenne igjen

Etter ei moderniser­ing i 1970-åra - med tømmermann­skledning og husmorvind­augo - var bygningen frå 1898 ikkje til å kjenne igjen.

No har Knut Midtbø fått den tilbake til opphavleg prakt.

Mange utskjering­ar

Midtbø overtok garden i 2003, og han ønskte å få tilbake den gamle stilen.

– Eg har restaurert med utgangspun­kt i gamle bilete av garden. Eg kjem aldri til å angre på at eg har droppa dei lette løysingane, seier Midtbø i ein prat med Varden.

Det var den byggmeiste­r Halvor Stadskleiv - bror til kunstmålar Torleiv Stadskleiv - som førte

Eg har restaurert med utgangspun­kt i gamle bilete av garden. Eg kjem aldri til å angre på at eg har droppa dei lette løysingane Knut Midtbø

opp en staslege bygningen, pryda med masse utskjering­ar og verandaer, på tampen av 1800-talet. No er alt dette tilbake.

Fann dimensjona­ne

Midtbø har ikkje berre bruka bilete frå gamle albumar. Han fartaògrun­dti-Bøogsågpåa­ndre bygningar som Stadskleiv sette opp. Slik fann han dei rette dimensjona­ne på utsmykking­ane. Bror til dagens eigar på Brenne, Inge Midtbø, har rekonstrue­rt utskjering­ane ved hjelp av teikneprog­ram på data. EKS Design i Østfold har fresa ut delane på bakgrunn av desse teikningan­e.

Tømrarane Ragnar Bakken og Halvor Mosebø frå Sauland har teke seg av restaureri­nga utvending. Dei har arbeidd på Brenne i over eitt år.

Over 600 år

– Det viste seg at under kledningen var tømra intakt. Eg er kjempeforn­øgd med det utførte arbeidet. Fargene er like dei som blei bruka i gammal tid. Eg likte dei, seier Knut Midtbø som har lagt mykje vekt på å bruke lokale underlever­andørar til restaureri­nga av bygningen med ei grunnflate på 180 kvadratmet­er.

– Dette er ikkje blitt heilt billig...

– Det blei som eg frykta. Tre millionar kroner har gått med, svarar eigaren.

Han er fornøgd med støtta frå Midt-Telemark Landbruksk­ontor på 90.000 kroner. Elles har han ikkje fått offentleg støtte til det store prosjektet.

No er han i full gang med å få tilbake den gamle stilen og fargene innandørs - i huset med fire stover og totalt ti rom. I hovudsak er alt utvendig arbeid no fullført på garden.

Der er det grasproduk­sjon, og så låner Midtbø ut beiteareal til ein sauebonde i grannelage­t.

Brenne er ein gard med historisk sus i Bø. På 1900-talet var den eigd av den mektige Borgjaslek­ta.

Brenne er nemnd i Raudeboka frå 1398. I 1528 skatta Torgeir på Brenne, som truleg var eigar av garden, eitt lodd med sølv til Kongen.

Seinare på 1500-talet blei Berulv Olsson eineeigar. Frå 1593 og fleire år framover blei garden driven av leiglendin­gar, for eigaren budde i Kilen.

Han hadde ei dotter Sigrid, som blei gift med Arne Jonsson på Tveitane i Lunde. Denne aetta sat med garden til utgangen av 1600-talet, da det gjekk ut med dei økonomisk.

Måtte selje

På 1700-og 1800-talet var det Fjågesund-Brenneaett­a som eigde garden. Sistemann i denne slekta på Brenne, Gunder Thordsen, kom i stor gjeld til storbonden Halvor Uvdal - og måtte i 1888 selje eigedommen til han.

Halvor Uvdal og kona Aslaug frå Borgja hadde ei rad gardar, og yngste sonen deira - Klas - fekk Brenne og Åse. Folketelji­nga i 1900 fortel at Klas Brenne hadde åtte tenarar på garden.

Stor skilnad

Karane budde i hovudhuset og jentene i gamlehuset.

På den tida var årslønna for mannfolk 240 kroner medan kvinnene fekk litt over det halve - 130 kroner.

Klas Brenne døydde i 1903, berre 33 år gammal og nevøen Halvor overtok. Han blei fyrst gift med Else Kjeldal frå Lunde, men det enda med skilsmisse. I 1929 gifte han seg med Ingebjørg S. Børte.

Da var det slutt på rikdommen, og Halvor Brenne mista garden til systera Bergit Borgen, men han kjøpte den tilbake og

Det blei som eg frykta. Tre millionar kroner har gått med Knut Midtbø

sat med garden til 1955.

Ny aett

Paret var barnlause og gav mykje av det etter seg til Bø Museum. I 1955 selde dei garden til Tor Midtbø for heile 180.000 kroner.

I dag er det barnebarne­t hans, Knut Midtbø, som sit på Brenne.

– Folk var i tvil om bestefar ville klare dette. Kjøpesumme­n var høg, seier Knut Midtbø som kan konstatere at det heile enda bra.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? KJEMPEJOBB: Knut Midtbø har bruka tre millionar kroner på å få tilbake den gamle stilen på Brenne.
FOTO: HALVOR ULVENES KJEMPEJOBB: Knut Midtbø har bruka tre millionar kroner på å få tilbake den gamle stilen på Brenne.
 ??  ?? FØR RESTAURERI­NG: Det gamle sveitserhu­set var pryda med tømmermann­skledning og hadde husmorvind­augo før restaureri­nga.
FØR RESTAURERI­NG: Det gamle sveitserhu­set var pryda med tømmermann­skledning og hadde husmorvind­augo før restaureri­nga.
 ??  ?? FØR MODERNISER­INGA: Slik såg våningshus­et ut på Brenne før moderniser­inga med kledning og husmorvind­augo.
FØR MODERNISER­INGA: Slik såg våningshus­et ut på Brenne før moderniser­inga med kledning og husmorvind­augo.
 ??  ?? GAMMAL TID: Garden slik den såg ut på fyrste del av 1900-talet.
GAMMAL TID: Garden slik den såg ut på fyrste del av 1900-talet.
 ??  ?? TILBAKEFØR­T: Dei gamle utskjering­ane er tilbakefør­t på våningshus­et.
TILBAKEFØR­T: Dei gamle utskjering­ane er tilbakefør­t på våningshus­et.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway