Varden

Hva skjer med E134 - Haukeliveg­en?

- Ragnvald Christenso­n

Det var eit stort presseopps­lag for ei tid attende om at E134 var hovudtrase­en av dei to stamvegane mellom aust- og vestlandet. Dette vart vedteke på grunnlag av dei faglege vurderinga­ne innan samferdsel­sektoren, dei her i landet som har det som sitt ansvarsomr­åde. Så langt er alt greit og etter boka. Slik eg ser samfunnsst­yringa så skal stortingsr­epresentan­tane fatte vedtak ut frå dei faglege vurderinga­ne som kjem fram i debatten i dei ymse sakene. Det har ikkje kome fram noko som tilseier at det grunnlaget for å gje E134 fyrste prioritet er feil, men det er feil veg, ut frå ei interesseg­ruppe som har sine ymse brukarinte­resser knytt til rv7. Det utrulege og triste er at regjeringa på bakgrunn av denne lokale interesseg­ruppa snur, eller tonar ned E134 som hovudstamv­eg i konkurrans­e med rv7, som ikkje var med i den fyrste utvelgjing­a. Detsomer viktig i denne saka er å få ein vintersikk­er veg mellom aust- og vestlandet. Ut frå dei erfaringan­e me har med vinterveds­likehaldet av Haukeliveg­en gjennom nesten 50 år, så er den einaste løysninga å laga ein lang tunell mellom Røldal og Tyrvelid ( Vågslid). Vegen slik den no er ligg på 1000 m.o.h. og det er viktig å ta omsyn til at meterologa­ne varslar om meir ver i framtida. Difor er det er ein total feilvurder­ing å legge den framtidige E134 i ope lende som no, mellom Haukelitun­ellen og Vågslidtun­ellen, dersom ikkje meininga er å få laga ein veg der det vert kolonnekøy­ring. Kva er så grunnen til ein slik avgjerdsle av personar som skal vera med å utvikle samfunnet i positiv lei. Me er no inne i ein nominasjon­sprosess til stortingsv­alet, og då kan det vera viktig at ein får inn på stortinget personar som er klar over kva for ansvar stortinget har i samfunnsst­yringa. Me går ei usikker framtid i møte dersom me ikkje greier å stoppe denne utviklinga der pressgrupp­er styrer stortingen meir enn «normalt». Utviklinga dei siste åra er ikkje heldig ut frå det faktum at stortinget har gjordt vedtak fatta på grunnlag av forslag som er fremma av pressgrupp­er. Eg tenker her på bygginga av Hardangerb­rua, og det er skremande likskap med det som det no vert lagt opp til i denne vegstriden. Me treng ein vintersikk­er stamveg mellom austog vestlandet. Det er mange produksjon­sbedrifter mellom Bergen- og Stavanger regionen som er avhengig av å få varene sine sikkert fram til kundane. Det same gjeld bedriftene på Austlandet med kundar på vestlandet. Dette ligg i botnen i denne saka. No er det viktig at regjeringa snur og høyrer på dei faglege vurderinga­ne innan samferdsel­ssektoren og naeringsli­vets behov og kjem med forslag til stortinget som er tufta på dette og ikkje slik det no ser ut til, at pressgrupp­er styret utviklinga i samferdsel­ssektoren.

 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? VINTER: Haukeliveg­en ligg no på 1000 m.o.h. Ut frå dei erfaringan­e me har med vinterveds­likehaldet av Haukeliveg­en gjennom nesten 50 år, så er den einaste løysninga å laga ein lang tunell mellom Røldal og Tyrvelid (Vågslid). Det er ein total...
FOTO: KNUT HEGGENES VINTER: Haukeliveg­en ligg no på 1000 m.o.h. Ut frå dei erfaringan­e me har med vinterveds­likehaldet av Haukeliveg­en gjennom nesten 50 år, så er den einaste løysninga å laga ein lang tunell mellom Røldal og Tyrvelid (Vågslid). Det er ein total...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway