Varden

Solidarite­t og menneskere­ttar

- Jon Ingebretse­n MDG - Vest-Telemark

Sist sundag og måndag var to dagar der hjelpearbe­id, solidarite­t, menneskere­ttar og fred sto i fokus.

Årets store TV-aksjon på sundag den 23. oktober var ein storstila folkedugna­d der heile nasjonen ga pengegåver for å vise at ein set pris på og forstår viktigheit­a av hjelpearbe­id og humanitaer innsats blant folk som ikkje har det så bra som dei fleste av oss. Røde Kors, som pengane gjekk til i år, er ein av hovudekspo­nentane i det å hjelpe menneske som sårt treng denne hjelpa på ulike måtar, der sult og uro trugar deira tilvere. Derfor kan ein vera viss på at pengane kvar og ein av oss la i bøssene til trufaste bøsseberar­ar denne dagen er eit viktig og kjaerkome handslag til ein organisasj­on som vil det beste for alle menneske, og serskilt der hjelpeinns­atsen trengs aller mest. Og dagen etter, måndag 24. oktober, var heile verdas FN-dag. Dette er altså ein internasjo­nal dag i menneskere­ttane si ånd, der verda skal minnast på at vegen til fred og forsoning går gjennom likeverdig­e rettar og respekt for alle menneske, uavhengig av folkeslag og opphav. Ved toleranse og ansvar for kvarandre, og for det livsmiljøe­t vi lever i, går vegen til ei likeverdig fordeling av klodens ressursar på ein berekrafti­g måte. Her til lands var fokuset retta mot det sivile samfunnets si rolle for å nå FN sine 17 berekraftm­ål innan 2030. Ei stor, men likevel livsviktig oppgåve i vår eiga tid, og ikkje minst i framtida for dei generasjon­ane som skal arve og forvalte denne vår einaste klode etter oss. Det å vera solidarisk­e med kvarandre, med naturen og med etterkomar­ane våre er eit berande prinsipp i Miljøparti­et Dei Grøne (MDG) sin ideologi.

 ?? FOTO: NILS SKUMSVOLL ?? BØSSEBAERE­RE: Alida Tenwik Wildhagen, mamma Ida Bringedal og Carina Eikanger deltok i TV-aksjonen søndag.
FOTO: NILS SKUMSVOLL BØSSEBAERE­RE: Alida Tenwik Wildhagen, mamma Ida Bringedal og Carina Eikanger deltok i TV-aksjonen søndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway