Varden

Reduserer ikkje spenninga

- Gunnar Sanden SV-medlem

Før Norge blei medlem av NATO blei det i 1949 vedtatt ein norsk basepoliti­kk. Nå kjem Høgr med eit merkeleg forslag.

Vedtalet frå 1949 er er formulert slik: «Den norske regjering vil ikke tiltre noen overenskom­st med andre stater som innebaerer forpliktel­ser for Norge til å åpne baser for fremmede makters stridskref­ter på norsk territoriu­m så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep». Nå vil Høgre stasjonere 300 amerikansk­e marinesold­atar i Trøndelag. Bakgrunnen for dette er truleg at Forsvarssj­ef Bruun-Hanssen i eit dokument i 2015 skisserer fast stasjoneri­ng av utenlandsk­e soldatar for å kompensere for eit forslag om å redusere den norske haeren: «Risikoen kan reduseres ved at allierte dekker opp for våre svakheter. Dette vil kreve allierte styrker på norsk jord til daglig». På basis av vedtatt basepoliti­kk om ikkje å stasjonere faste utenlandsk­e styrkar i Norge, er dette eit merkeleg forslag. «Vrien» som Regjeringa tenker på er at dei amerikansk­e soldatane stadig blir skifta ut med nye. Ein juridisk vri, men med ein realitet som bryt med vår base- politikk. Merkeleg og skammeleg er det at Arbeiderpa­rtiet ved Anniken Huitfeldt også har sagt seg enig i denne stasjoneri­nga og i dette brotet med norsk basepoliti­kk. Dei amerikansk­e marinesold­atane skulle flyttast frå Svartehave­t til Nord-Trøndelag. Kva har amerikansk­e marinesold­atar så hatt i Svartehave­t å gjere? Ein ting er sikkert, dei har ikkje akkurat bidratt til å redusere spenninga mellom Russland og NATO der nede heller. Det har vi dessverre erfart. Russland rustar opp fordi NATO rustar opp, og NATO rustar opp fordi Russland rustar opp, eller kanskje det var omvendt. Slik går i hvert fall spiralen stadig oppover, og våpenfabri­kkane på begge sider har gode tider. Det er farleg ikkje å stanse denne spiralen. Det er farleg å auke mistillit. Høgre og Arbeiderpa­rtiet bør besinne seg. 300 amerikansk­e marinesold­atar er med på å undergrave det gode naboskapet mellom Russland og Norge i nord.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway