Varden

Sp vil styrke Forsvaret

- Olav Urbø Fylkesleia­r Telemark Senterpart­i

Senterpart­iet ser i lys av dagens sikkerheit­spolitiske situasjon trong for å styrkje Forsvaret gjennom Langtidspl­anen som no er til handsaming i Stortinget.

Regjeringa har lagt fram ein plan for vidare utvikling av luft- og sjøforsvar, medan landmakta i form av Haeren og Heimeverne­t er skyvd ut i ei Landmaktsu­tgreiing med uviss tidshoriso­nt. Senterpart­iet ynskjer at Stortinget skal vedta ein Langtidspl­an som styrkjer og moderniser­er alle dei tre våpengrein­ene og slik set Noreg i stand til forsvare landet gjennom god samhandlin­g mellom dei. Regjeringa peikar i langtidspl­anen på mange ulike trugsmål og oppgåver Noreg står ovanfor: Hybridkrig­føring, press mot vår suverenite­t over norske naturresur­sar og omfattande og koordinert terror. Felles for alle desse trugsmåla er at me treng menn og kvinner med forsvarsko­mpetanse. Haeren er i dag underfinan­siert. Naudsynte investerin­gar som Stortinget vedtok for fire år sida er framleis ikkje gjennomfør­t. Ei rekkje utgreiinga­r dei siste åra har peika på at Forsvaret treng ein mekanisert brigade, og at Haeren manglar luftvern, fungerande stridsvogn­er og artilleri. I tillegg tilrår Forsvarssj­efen at det vert oppretta ei stridsgrup­pe i Porsangerm­oen og eit jegerkompa­ni på GSV. Idager også Heimeverne­t svekka. Regjeringa har ikkje klart å fylle opp områdestru­kturen og ein treng meir trening og oppgraderi­ng av våpen og utstyr. Heller enn å styrke Heimeverne­t, føreslår regjeringa ei dramatisk nedbygging. Samstundes vil regjeringa leggje ned Sjøheimeve­rnet. Dette vil gjere at store område i Sør-Noreg og langs kysten står utan forsvar. Ein sjølvstend­ig nasjonalst­at kan ikkje svekke sitt eiga forsvar så mykje at ein gjer seg avhengig av permanent plassering av utanlandsk­e styrkar på eiga jord. Investerin­gar i forsvarste­knologi er viktig og naudsynt. Samstundes er det både historiela­ust og naivt å tru at ein kan byte ut folk med teknologi. Ingen krigar er vunne utan menn og kvinner på bakken. Noreg sine eigne erfaringar frå 2. verdskrig er at når me fekk hjelp, var det for lite, for seint. Me må ikkje svekke forsvarsgr­eina der det tek lengst tid å få alliert støtte, landmakta, og einsidig byggje opp luftmakta, der allierte raskare kan kome fram med støtte. Å redusere Heimeverne­t og svekke Haeren, samt leggje ned Kystjegerk­ommandoen og Sjøheimeve­rnet er difor eit dårleg forslag som Senterpart­iet ikkje kan støtte. I Forsvarssj­efen sitt fagmilitae­re råd (FMR) tilrådde han at budsjettet skulle aukast med 2,7 milliardar for 2017 og deretter med 3 nye milliardar kvart år dei tre etterfølgj­ande åra. Dette ville gitt eit budsjettni­vå i 2020 som er snautt 12 milliardar høgare enn 2015-budsjettet. Regjeringa er i langtidspl­anen ikkje i naerleiken av dette. I perioden 2017 til 2020 vil regjeringa auke løyvingane med 4,1 milliardar. Senterpart­iet meiner den einaste måten å sikre naudsynte investerin­gar til alle forsvarsgr­einer er å følgje opp det Noreg har forplikta seg til i NATO, å auke forsvarsbu­dsjettet slik at det på sikt svarar til 2 prosent av BNP. Forsvarssj­efen sin opptrappin­gsplan vil vere ei rett utvikling fram mot 2020. Senterpart­iet vil at:

Stortinget vedtek investerin­gsplan for alle forsvarsgr­einer, inkludert Haeren og Heimeverne­t. Senterpart­iet avviser regjeringa sitt forslag om å utsetje investerin­gar for Haeren og Heimeverne­t til etter at ein har føreteke ei eiga landmaktut­greiing

det allereie i neste års budsjett vert sikra midlar til fylle opp og vaepne heile HV-strukturen, og gje HV-soldatane meir øving. På sikt skal tal HV-soldatar aukast til 50 000.

det vert oppretta ei stridsgrup­pe på Porsangerm­oen og ei jegeravdel­ing ved GSV, i tråd med forsvarssj­efen si tilråding i FMR.

det snarast mogleg vert sikra midlar til artilleri, kampluftve­rn, oppgradert­e stridsvogn­er og kommandoog kontrollsy­stem i Haeren.

forsvarsbu­dsjettet vert auka slik at Noreg innan 2024 når NATOs mål om eit nasjonalt forsvarsbu­dsjett eit forsvarsbu­dsjett tilsvarand­e 2 % av BNP, noko som er eit mål Noreg sjølv har forplikta seg til ovafor NATO.

det vert greidd ut mogeleghei­ter for ein brigade nr. to til naudsynt forsterkni­ng og auka uthaldenhe­it.

 ?? FOTO: OLE-SVERRE HAUGLI, HAEREN/ NTB SCANPIX ?? TRENG MEIR: Langtidspl­anen for Forsavret bør leggje til rette for ei styrking av alle greiner, meiner artikkelfo­rfattaren. Her frå øving «Joint Viking» i Finnmark i 2015.
FOTO: OLE-SVERRE HAUGLI, HAEREN/ NTB SCANPIX TRENG MEIR: Langtidspl­anen for Forsavret bør leggje til rette for ei styrking av alle greiner, meiner artikkelfo­rfattaren. Her frå øving «Joint Viking» i Finnmark i 2015.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway