Varden

Gravla plan om storkommun­e

Eit knapt fleirtal i Nome kommunesty­re la torsdag saka om storkommun­e i midtfylket død.

- NOME

Tormod Halvorsen (Ap) foreslo at kanalkommu­nen avsluttar saka. Grunngjevi­nga hans var nei frå Bø og resultatet av folkerøyst­inga. Framlegget frå Halvorsen fekk 15 røyster medan midretalet på 13 representa­ntar støtta eit forslag frå varaordfør­ar Stig Kjeldal (H)

Sterk splid

Halvorsen fekk med seg fleire andre parti, men voteringa synte at det er sterk splid i Arbeidarpa­rtiet. Eit fleirtal på sju i Apgruppa, deriblant ordførar Bjørg Tveito Lundefaret, støtta nemleg framlegget frå Stig Kjeldal (H). Det framlegget seier at ein får best tenestetil­bod med ny storkommun­e, men at ein tek avslaget frå Bø om nye forhandlin­gar til etterretni­ng.

Vidare heiter det i framlegget hans at Nome avventar avgjerda i Stortinget, der saka kjem opp neste år.

Må gravlegge

– Eit historisk vedtak. Eg er fornøgd, seier veteranen Tormod Halvorsen til Varden etter voteringa. Halvorsen opplyser at på medlemsmøt­et i Arbeidarpa­rtiet sist veke var det fleirtal for å stå åleine. I innlegget sitt karakteris­erte han planane til statsråd Jan Tore Sanner om samanslåin­g som mislykka.

GRUPPEMØTE:

Partifelle Knut Helkås Dahl understrek­a at det no er viktig å gravleggje stridsøksa i denne saka. Torunn Brukåsa Kleiva hadde sitt eige framlegg, men trekte det og støtta Ap. Sp-representa­nten peika på at det er viktig å respektere folkerøyst­inga.

Mette Sanden (SV) sa at partiet hennar har vore klar heile tida på at Nome må vere eigen kommune.

– Større einingar er ikkje meir effektive, men det viktigaste er å respektere folkerøyst­inga. Eg har ikkje funne nye forhold i denne saka, sa Sanden.

Tidlegare varaordfør­ar Hans G. Jørgensen (H) sa at kommunesty­ret må respektere folkemeini­nga.

Ja til Sluserock

På tampen av møtet vedtok kommunesty­ret budsjettet for 2017. Ordførar Bjørg Tveito Lundefaret sa seg glad for at barnehaget­ilbodet i kommunen blir utvida. Ho såg det som viktig sidan innflyttar­ar får 100.000 kroner for å etablere seg i kommunen.

Elles får Sluserock 100.000 kroner i støtte, men 2017 er siste året arrangemen­tet blir drive i kommunal regi.

To eldresente­r i kommunen er sikra vidare drift neste år.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Nome Ap var splitta og hadde gruppemøte om ny storkommun­e.
FOTO: HALVOR ULVENES Nome Ap var splitta og hadde gruppemøte om ny storkommun­e.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway