Varden

Jon tok landets fyrste kongepokal på ski

Jon Hauge frå Morgedal blei historisk under Husebyrenn­et i 1879.

- KVITESEID Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Da tok morgedølen landets fyrste kongepokal i skisport. Legenda Sondre Norheim hadde passert 50 år, og var ferdig som konkurrans­emann da det fyrste rennet gjekk av stabelen i Kristiania for snart 138 år sidan. Det var ikkje så farleg, for mange andre telemarkin­gar sto klare til å overta.

10.000 tilskodara­r

Ein av desse var 20 år gamle Jon Hauge frå Morgedal, som gjekk heilt til topps i Husebyrenn­et. I den konkurrans­en blei Telemarksn­edslaget lansert framfor 10.000 tilskodara­r. Jon Hauge sikra seg kongepokal frå kong Oscar 2., den gongen verdsett til 120 kroner.

– Dette var ikkje noko vanleg hopprenn, skriv tidlegare Dagblad-journalist Arne Thoresen i hoppboka «Lengst gjennom lufta». Tevlinga var eit kombinert «laengdeløp» og «opvisning i hop».

Slik var dømminga

I konkurrans­en starta dei på toppen, så var det hopping og deretter direkte over i ei langrennsl­øype på tre kilometer. Thoresen opplyser at rekkjefølg­a blei avgjort etter sluttida og prestasjon­ane i bakken. Det fanst ikkje konkrete reglar for dømming. Den blei gjort etter fire likeverdig­e kriterium - langrenn, svev, nedslag og haldningar i svingar og løype.

Telemarkin­gane bruka ikkje stav i rennet. Innsatsen deira blei skildra slik: «... men 10 à 20 Alen frå hoppet ser man dem huge sig ned, for paa Hoppets yderste Rand at give en extra Fart og saaledes oppnaa den størst mulige Laengde i Hoppet. Efter a ha naaet det høieste Punkt i Luften, retter de seg ud og falder saa ned med en svag Bøjning av begge Knaeer, med den ene Fod en Fodslaengd­e foran den anden».

Imponert prins

Thoresen skriv vidare at innsatsen til Hauge var imponerand­e, og at han vart historisk ved å vinne dette fyrste Husebyrenn­et. Vinnaren fortalte sidan at da han var i lufta, heldt lua på å fyke av hovudet. Han fekk tak i den. Publikum trudde Jon helsa på Kon- gen, men så var ikkje tilfelle. Derimot fekk han som bestemann ei lenger samtale med monarken etter rennet, noko som sjølvsagt var stas for telemarkin­gen.

Kong Oscar 2. hadde den gongen med seg prins Hans av Danmark. Før rennet skal den danske prinsen ha nekta å tru at nokon kunne fly gjennom lufta på dei plankane som nordmennen­e kalla ski. Thoresen fortel i hoppboka at da den fyrste av fleire telemarkin­gar susa gjennom lufta, utbraut prinsen med frykt i røysta: «Det er skam løgn. De er jo honen lyne mig gale!»

Kristoffer Tveiten, Seljord, fekk kongens beger i same konkurrans­en, medan Torjus Hemmestvei­t frå Morgedal sikra seg Kongens sølvbeger i alderstrin­net 14-17 år.

Fødd i Rauland

Kven var så denne Jon Hauge, som blei historisk for snart 138 år sidan? Han vart fødd i Rauland i 1859 og var son av Åsmund Jonsson, fødd på Juvland i 1802 og Sigrid Jonsdotter, fødd i Vå i 1818. Det fortel Torjus Loupedalen i boka «Morgedal Skisporten­s vogge».

Familien flytta frå Rauland til Morgedal da Jon var fire år gammal.

Loupedalen skriv at det fyrste Jon Hauge hugsar var løyping på tresko ein tørr sommar saman med Torjus og Såmund Hemmestvei­t på Brekke Nordigard i Morgedal. Da skal det ha vore godt treskoføre på furunålene i bakken.

Vinterstid var Hauge på ski kvar sundag og ofte om kveldane i veka. Han var med på det fyrste rennet som 16-åring, i ein bakke dei kalla Raudkleivs­kotet. Den gongen fekk han 7. premie i vaksenklas­sa.

På seminar

I 1875 starta Jon Hauge på Kviteseid seminar saman med fem andre morgedølar, deriblant fleire gode skiløparar. Under eit skuleskire­nn vinteren 1876 fekk Hauge 1. premie. På eit bygdeskire­nn året etter kom han på andreplass, da slegen av Tarjei Tommesen. Etter halvtanna år som laerar drog Jon Hauge i 1879 til laerarskul­en på Hamar. Her var han i to år, hoppa og laga ski for bygutane. Han fortalte til Loupedalen at interessa for ski var stor, så ungdommen hadde mykje moro saman.

Jon Hauge vann eit par skirenn på Hedemarken, og det var frå Hamar han reiste i 1879 for å delta i det historiske Husebyrenn­et. Skia hans hadde Sondre Norheim høvla og gjort mjuke og gode.

Jon reiste til Amerika i 1880åra. Den fyrste tida heldt han fram med å vere laerar, men deretter arbeidde han som fotograf i 25 år. Etter dette jobba morgedølen som eigedomsme­klar, og ifølgje årsskiftet «Gamalt frå Kviteseid» frå 1990 - skal han ha vore den fyrste som hadde dette yrket i Portland, Oregon.

I Amerika gifta han seg med Gudbjørg Drotning. Foreldra hennar kom frå Rauland, men ho blei fødd i Amerika. Jon sikra seg også mange skipremiar i USA.

Ifølgje nemnde årsskift lengta han tilbake til Noreg i alle år. Han rakk tre turar til gamlelande­t før både han og kona døydde i 1943.

 ??  ?? I AMERIKA: Jon Hauge på ski i Amerika. Han dreiv som eigedomsme­klar i Oregon.
I AMERIKA: Jon Hauge på ski i Amerika. Han dreiv som eigedomsme­klar i Oregon.
 ?? FOTO: PER-EIRIK HEKKELSTRA­ND ?? SISTE: Atle Skårdal frå Lunde tok heim den siste Kongepokal­en i skisport til Telemark.
FOTO: PER-EIRIK HEKKELSTRA­ND SISTE: Atle Skårdal frå Lunde tok heim den siste Kongepokal­en i skisport til Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway