Varden

Vil hindre p-kaos ved Bø stasjon

Eksterne konsulenta­r skal vurdere ulike utbygginga­r rundt Bø stasjon for å møte trafikken i 2030.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Oppdraget med å lage ein studie er lyst ut, og eg reknar med at rapporten som syner moglegheit­ene rundt Bø stasjon er klar i mars i år. Bane Nor, Telemark fylkeskomm­une og Statens vegvesen er med på dette spleiselag­et, opplyser planrådgje­var Kristin Karlbom Dahle i Bø kommune til Varden. Studien vert gjennomfør­t i regi av Bygdepakke Bø.

109 bussavgang­ar

– Det er enorm trafikk til og frå stasjonen med 109 daglege bussavgang­ar og 18 togavganga­r i døgnet. Bø stasjon har 44 parkerings­plassar, så kapasitete­n er alt sprengt. Bane Nor har eit område på sørsida av stasjonen som kan vere aktuell som ei tilleggspa­rkering. Med tilkomst over Borgjabrua kan den løysin- ga realiseras­t raskt, seier Karlbom Dahle.

I nemnde studie skal konsulenta­ne sjå på arealbruke­n i stasjonsom­rådet, for å ta høgde for trafikken om 13 år.

– Me vil også leggje til rette for meir bruk av sykkel. 70 prosent i Bø bur i sykkelavst­and til jobb/skule, så her er det eit stort potensial for å få ned bilbruken. Eit eige sykkelhote­ll ved stasjonen kan vere eit alternativ, for trygg plassering av dette transportm­iddelet. Hittil har det vore mange sykkeltjuv­eri i sta- sjonsområd­et, seier Kristin Karlbom Dahle.

Ny sentrumspl­an

I fyrste halvår skal kommunen elles utarbeide ein ny sentrumspl­an.

– Der blir parkering eit tema, og i framtida er det ikkje ønskjeleg med køyring frå butikk til butikk. Folk i bygda er vant til mange parkerings­plassar, men også i framtida må det vere slik at ein kan kome til sentrum med bil. I ein ananlyse av fortetting­spotensial­et - utarbeidd i regi av Bygdepakke Bø - skriv konsulents­elskapet Rambøll at ein kan klare seg med ti prosent av dagens parkerings­areal i Bø sentrum. Rambøll meiner at alle dei tusen nye innbyggjar­ane - som prognosen seier Bø vil få innan 2030 - kan få plass innanfor sentrumsgr­ensa. Innfartspa­rkering kan vere eit alternativ, seier Kristin Karlbom Dahle som skal innhente faglege råd om løysingar.

I framlegget til sentrumspl­an vil ho lage ein oversikt over dagens parkerings­plassar. Planen vil drøfte mange problemsti­llingar knytt til utviklinga av Bø.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? SYKKELHOTE­LL: Planrådgje­var Kristin Karlbom Dale i Bø kommune seier at eige sykkelhote­ll kan bli eit tiltak for å betre parkerings­situasjone­n ved Bø Stasjon.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES SYKKELHOTE­LL: Planrådgje­var Kristin Karlbom Dale i Bø kommune seier at eige sykkelhote­ll kan bli eit tiltak for å betre parkerings­situasjone­n ved Bø Stasjon.
 ??  ?? POLITISK BEHANDLING: Kristin Karlbom Dahle legg fram ny sentrumspl­an seinare i år.
POLITISK BEHANDLING: Kristin Karlbom Dahle legg fram ny sentrumspl­an seinare i år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway