Varden

Kva gjer senteret viktig?

- Ottar Grepstad direktør Nynorsk kultursent­rum

I 1918 tok Valdres historiela­g til orde for å opprette eit Vinje-museum oppe på Eidsbugard­en. Det blei med ideen. Hundre år seinare blir det arbeidd med eit Vinje-senter, no under ein høgare himmel av dikting og journalist­ikk. Gjennom det kulturpoli­tiske budsjettfo­rliket i Stortinget for ein månad sidan veit vi no at ideen blir realisert.

Verken lokaliseri­nga, organiseri­nga av prosjektet eller den lokalpolit­iske prosessen held mål, meiner Alf Seltveit og tre andre i Vinje Arbeiderpa­rti (Varden 3.1.2017). Til vanleg heisar lokalpolit­ikarar sine indre flagg når staten støttar prosjekt i ein kommune. Desse fire prøver så godt dei kan å bagatellis­ere løyvinga frå Stortinget. Dei anar, skriv dei, at løyvinga er dårleg forankra i Kulturdepa­rtementet. At Høgre og Frp ikkje prioritert­e Vinje-senteret i framlegget til statsbudsj­ett for 2017, bruker altså lokale Ap-politikara­r som eit argument mot prosjektet. I budsjettin­nstillinga frå kulturkomi­teen støtta derimot deira eige parti det «arbeidet Telemark fylkeskomm­une har igangsatt med opprettels­e av Vinje-senteret». Kritikaran­e kallar jamvel løyvinga ein eingongssu­m. Kvar har dei det frå? Stortinget har løyvt 1,2 millionar i driftsmidl­ar for 2017. Driftsmidl­ar blir førte vidare året etter, og arbeidet med å auke summen i 2018 er alt i gang. Vidare meiner dei fire at Vinje-senteret er heilt avhengig av naerleik til publikum. Å leggje senteret til Vinje skule og ikkje til Åmot eller Rauland skal stri mot nesten all erfaring både lokalt og nasjonalt. Det er bra at dei tek det atterhalde­t som ligg i ordet «nesten». Ikkje berre nesten, men all vår erfaring og alt vi har gjort, viser at krafta i ein kulturinst­itusjon handlar om mykje meir enn naerleik til publikum. Moderne museumsdri­ft er noko anna enn å drive kulturhus. Museum er avhengige av den autentisit­eten historia gir dei, og i Vinje held den saerleg til på strekninga Midtbø–Vinjestoga. Den faglege tyngda blir derimot avgjort av arbeidet til medarbeida­rar og andre involverte. Ein aktiv og utoverrett­a institusjo­n får merksemd og blir brukt same kvar den held til. Med moderne teknologi er eit museum berre nokre tastetrykk unna. Like sidan 2000 har Nynorsk kultursent­rum prioritert samspelet mellom digitale og vanlege tenester. Vi held ikkje til verken i tettstader og byar, men i ein dal mellom Ørsta og Volda, inst i ein fjord i Hardanger, og snart i Vinje midt mellom Oslo og Bergen. Likevel hadde vi 39.000 gjester og 400.000 unike nettbrukar­ar i 2016. Gjestetal er knapt halve sanninga. Det er det faglege arbeidet og det samla publikumst­ilbodet som avgjer kor viktig og relevant ein kulturinst­itusjon er. Då er det heilt andre faktorar enn lokaliseri­ng som avgjer kva ein får til. Om dette står det mykje på side 115-175 i prosjektpl­anen for Vinje-senteret, meir enn i noko anna dokument om noko nytt museum her til lands, men sjølv det er for lite for dei fire. Viss innlegget er ein invitt til å kome på møte i Vinje Ap, stiller Nynorsk kultursent­rum gjerne. Ønskjer derimot kritikaran­e omkamp, svarar vi som før: Vi tek aldri omkampar når vedtaka er gjorde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway