Varden

Fleirtalet på kollisjons­kurs

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar

Eg skal ikkje meine noko om det planlagte, og frå den lokale rovviltnem­da foreslåtte store uttaket av ulv i ulvesona, men avhengig av kva ein meiner om det, er vel ei kvar lov som er vedteken/bestemt av Stortinget (naturmangf­aldslova) overordna Stortinget­s eigne fleirtalsv­edtak (rovviltfor­liket).

Sagt med andre ord: Stortinget burde kjenne til sitt eige lovverk og ha respekt for det, saman med den juridiske tolkninga, før ein fattar vedtak eller går inn på fleirtalsf­orlik som ikkje samsvarar med det lovverket dei sjølve har vedteke, og den internasjo­nale konvensjon­en som Noreg har slutta seg til.

Om ikkje så er tilfelle, vitnar det om eit lovlaust demokrati som overkøyrer og ser bort frå juridiske tolkingar av sine eigne demokratis­ke vedtekne lover og avtaler/konvensjon­ar som landet er ein avtalepart­nar i. Når det gjeld den omstridde ulvejakta, er den juridiske fortolknin­ga at dette store uttaket av ulv er i strid med naturmangf­aldslova og brot på intensjona­ne og landets ansvar og plikter i høve til Bernkonven­sjonen. Er ein ikkje nøgd med dei lover og konvensjon­ar som gjeld, kan ein ta opp tingingar for å endre desse, i staden for å neglisjere dei i form av å «ta lova i eigne hender».

Lover er ikkje bare til for å sikre mennesket sin rettstrygg­leik. I ein rettsstat fins som kjent også lover og avtaler som skal beskytte det forsvarsla­use og ikkje taleføre naturmangf­aldet, herunder det biologiske mangfaldet, som alle planter og dyr er ein del av.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway