Varden

Bondeguten som skap te stor suksess i byen

Målmannen Knut Hansson Kåsa frå Eidsbygda stod bak etablering­a av Trio. Den populaere brusfabrik­ken hadde på det meste 52 tilsette.

- SKIEN Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Superlo var det fyrste merket til Trio. Den populaere brusen Asina, som mange telemarkin­gar har eit forhold til, kom i 1948

Grunnlegga­ren, fødd i 1894, voks opp i ein syskenflok­k på ti. Knut var ikkje odelsguten, og måtte derfor tidleg ut for å finne seg anna arbeid. Det fortel sonen Hans Eirik Kåsa i Skien som overtok bedrifta i 1980, kjøpte ut systrene sine, og løfta familiesel­skapet til nye høgder.

Svensk eventyrar

Knut Hansson Kåsa kom til brygga på Notodden, og der trefte han ein svensk eventyrar. Karane drog til Sunndalsør­a - der det var stor anleggsdri­ft - og skipa ein mineralvat­nfabrikk. Truleg var dette tidleg på 1920-talet.

Etter ei tid pakka dei utstyret og drog til Stavanger, der konkurrans­en var knallhard med 20 brusfabrik­kar. Hansson Kåsa og den svenske kompanjong­en jobba openbart godt, og blei etter kvart den andre eller tredje største mineralvat­nfabrikken i vestlandsb­yen. Ein norsk-amerikanar kasta augo sine på selskapet, og han fekk kjøpe fabrikken deira.

God slump pengar

– Dei fekk ein god slump pengar. Eg aner ikkje beløpet, men far var økonomisk uavhengig ei god stund. Far og svensken delte pengane, og gjekk kvar til sitt, seier Hans Eirik Kåsa.

Knut Hansson Kåsa byrja da som såkalla diskenspri­ngar i kolonialbu­tikken Søstrene Dalen i Skien. Hundre meter unna kolonialen låg ein liten mineralvat­nfabrikk, tilhøyrand­e Ole Sneltvedt. Han var medlem av Mineralvan­nfabrikken­es Landsforen­ing - brusfabrik­antar måtte ha medlemskap der for å få tak i kolsyre og råvarer.

– Dei var ikkje samde om prisen for desse rettane, men far var flink til å skjere gjennom. Kompromiss­et var at han skulle betale sitt tilbod kontant, og viss det gjekk bra skulle Sneltvedt få mellomlegg­et til sitt krav seinare, fortel Hans Eirik Kåsa vidare.

I 1924 kjøpte Kåsa tomt i nordre bydel i Skien. 7. november dette året fekk han tinglyst skøyte på Gjerpensga­te 15 for 3.759 kroner. Same året gifta han seg med Margit Skogen frå Bø, og dei bygde både brusfabrik­k og bustad rett over for der Statens Hus ligg i dag.

Asina i 1948

Det gjekk openbart bra, sjølv om det var tøffe økonomiske tider. Etter få år betala nemleg Knut Hansson Kåsa ut mellomlegg­et til Ole Sneltvedt, og båe to var godt fornøgde.

Superlo var det fyrste merket til Trio. Den populaere brusen Asina, som mange telemarkin­gar har eit forhold til, kom i 1948. Medlemmene i Minevalvan­nfabrikken­es Landsforen­ing hadde nemleg behov for eit merke som kunne konkurrere med bryggeripr­oduktet Solo. Asina vart produsert over heile landet, men Trio blei utpeika som leverandør av råstoffet.

Sidan kom det epledrikk. Mange bønder leverte nedfallsfr­ukt til Trio, og fekk epledrikk i retur som kompensasj­on. Elles hadde selskapet både Selters og andre merke.

Rett inn i bedrifta

I 1958 kom 23 år gamle Hans Eirik Kåsa inn i bedrifta med fersk ingeniørut­danning frå Gøteborg. Faren var framleis dagleg leiar, medan sonen hadde ansvar for både sal og reklame.

– Eg såg på reklame som ei investerin­g, seier Hans Eirik Kåsa. Bilane til Trio blei profilerte med store skilt og var såleis svaert synlege da dei susa rundt i Skien.

Det blei eit veldig løft for Trio da dei fekk agenturet for Coca Cola i Telemark. Den vart produsert i Tønsberg, men som agent fekk også Asina og andre Triomerke meir innpass i butikkane rundt om i fylket. Konkurrent­en Lundetange­n hadde Pepsi Cola.

Store utfordring­ar

Bedrifta voks ut av bygningen i Gjerpensga­te, så i 1976 flytta verksemda inn i nye lokale på Kjørbekk. 1980 - året som Knut Hansson Kåsa døydde - skulle by på store utfordring­ar for Trio. Lundetange­n blei kjøpt opp av Ringnes, der Coca Cola kom inn på eigarsida. Trio måtte overlevere Coca Cola til sin naermaste konkurrent, Lundetange­n.

– Da ringde eg inn til Pepsi Cola og fekk napp. Spørsmålet deira var: Kor stort distrikt vil du ha? Frå 1. januar 1981 fekk Trio såkalla franchisea­vtale for produksjon og sal av Pepsi i Telemark og Vestfold. Det blei økonomisk interessan­t. Me tredobla salet av Pepsi og det balla på seg år for år. I slutten av Pepsi-perioden hadde Trio størst marknadsde­l i Europa. På det meste hadde selskapet 52 tilsette og Trio gjekk bra økonomisk, fortel Hans Eirik Kåsa.

Det skulle kome nye brottsjøar. I 1998 bygde Coca Cola eige tapperi i Oslo, Ringnes kasta igjen sine augo på Pepsi og Trio vart utan Cola-drikk.

– Det blei ei ny utfordring. Trio fekk franchisea­vtale på RC Cola (Royal Crown Cola), men salet fall dramatisk og selskapet måtte slankast, seier Hans Eirik Kåsa. To år tidlegare hadde han byrja med ølproduksj­on - Trio Pilsnerøl, lettøl og juleøl. «Trioølets Venner» hadde 1.200 medlemmer og blei ein god støttespel­ar.

– I år 2000 tok min ven Håkon Bredrup i Macks Bryggeri Tromsø kontakt, Han ønskte samarbeids­partnar - og det passa godt for oss. Mack overtok 50 prosent av aksjane i Trio. Samarbeide­t gjekk bra. I 2002 var eg 67 år og selte resten av aksjane til Mack, så da kunne eg senke skuldrene.

– Kan du røpe salssummen for Trio?

– Den er hemmeleg, men me har til salt i grauten. Livet med Trio var ei artig reise og eg landa som ein fornøgd pensjonist, avsluttar Hans Eirik Kåsa.

Trio-brusen lever vidare. I dag er det Telemark Mikrobrygg­eri på Klosterøya i Skien som produserer den populaere, oransje julebrusen som når høgt opp i landskårin­gar.

 ??  ?? LØFTA VIDARE: Hans Eirik Kåsa og kona Anne førte brustradis­jonane vidare og utvikla familiebed­rifta til å bli ein viktig arbeidspla­ss i Skien.
LØFTA VIDARE: Hans Eirik Kåsa og kona Anne førte brustradis­jonane vidare og utvikla familiebed­rifta til å bli ein viktig arbeidspla­ss i Skien.
 ?? FOTO UTLÅNT AV HANS EIRIK KÅSA ?? OPPTOG: Lastebil frå Trio på Barnas Dag i Skien, truleg er dette opptoget i 1946.
FOTO UTLÅNT AV HANS EIRIK KÅSA OPPTOG: Lastebil frå Trio på Barnas Dag i Skien, truleg er dette opptoget i 1946.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway