Varden

Foreldra sitt ansvar

- Marie Skinstad-Jansen FUB-leiar Gunn Iren Müller FUG-leiar

Vi er så stolte! Det er så enkelt. Det skjer så fort. Å knipse bilete av dei søte små og publisere dei i sosiale medium er noko dei aller fleste foreldre har gjort eller gjer jamleg. Men tenkjer vi over konsekvens­ane?

Den 7. februar vart Safer Internet Day 2017 markert over heile verda. Personvern og deling av bilete på nett var eit av temaa her i Noreg. Det er vi glade for!

Foreldreut­vala for barnehagar (FUB) og grunnoppla­eringa (FUG) er kvar dag i kontakt med foreldre som har spørsmål om og er urolege for ulike ting. Noko av det dei uroar seg over, er svaert alvorleg, mens anna er av meir praktisk karakter.

Felles for alle foreldre er at vi ønskjer det aller beste for barna våre. Vi vil at dei skal vekse opp i trygge omgivnader, at dei skal trivast og laere. Vi ønskjer å eliminere alt som kan true, hindre og svekkje ein trygg oppvekst og eit godt liv.

Vi foreldre må hugse på at vi er dei aller viktigaste personane og førebileta til barna våre. Det vi seier, skriv og gjer, påverkar haldningan­e og handlingan­e til barna.

Når vi deler barnebilet­e på nett, påverkar det barna våre på ein annan, men like alvorleg måte. Eit bilete på nett kan få alvorlege konsekvens­ar for livet til barnet.

Det er både skremmande og tankevekkj­ande å lese i Bergens Tidende og NRK om det som blir rekna som den største overgrepss­aka i noregshist­oria. I den såkalla Dark Room-saka har politiet sikta over 50 menn som har delt bilete og videoar av grove overgrep mot barn.

I biletmater­ialet som politiet har funne via chatte-loggar, har det dukka opp tilfeldige barnebilet­e som er henta frå Facebook-sidene til foreldra.

«Vi vil informere om dette. Så er det opp til foreldra kva bilete av barna dei vil leggje ut», seier politiadvo­kat Hanne R. Heltne til Bergens Tidende 31. januar. Det er ei viktig påminning. Heltne seier vidare til BT at når private bilete blir dregne inn i ein seksualise­rt samanheng på denne måten, er det likestilt med å produsere ei framstilli­ng som seksualise­rer barn.

Dei fleste foreldre er aktive i sosiale medium, og delingskul­turen er sterk. Alle er vi sprekkefer­dige av stoltheit i dei ulike stadia av livet til dei søte små eller litt større barna. Sjølvsagt er vi stolte. Og det skal vi også vere. Men det er litt trist at det må ei så tragisk sak til for å minne oss på at vi alltid må ta ei kritisk vurdering før vi publiserer bilete.

Må eg leggje ut dette biletet no? Kan eg dele det med venner og familie på ein annan måte? Finst det alternativ­e motiv? Er barnet mitt tent med at eg deler dette? For i det augeblikke­t biletet er delt, har du mista kontrollen over det, same kor uskyldig det er, seier Guro Skåltveit i Medietilsy­net. Når vi deler bilete av barn på nett, tek vi eit val på vegner av barnet, legg ho til.

Vi ønskjer ikkje å fordømme, moralisere eller spreie frykt. Foreldre må bestemme sjølve. Men vi kjem ikkje utanom dette: Foreldre har eit stort ansvar. Når vi sjølve utviser god digital dømmekraft, tenkjer oss om ein ekstra gong, diskuterer, spør og vurderer, kan vi òg bli truverdige og gode rådgivarar for barna våre etter kvart som dei sjølve blir aktive sosiale mediebruka­rar.

Auka kunnskap hos foreldre om den digitale kvardagen til barna kan bidra til tryggleik, openheit og god dialog heime. Og skulle det ein dag gå gale og eit bilete hamnar på avvegar eller barnet ditt eller eit anna barn blir mobba på nett, er det litt enklare å handle.

Nettvett gjeld både for store og små. Vi kan begynne med å tenkje oss om når vi får lyst til å dele eit bilete av barna våre på nett.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX ?? FORT GJORT: Det er så fort gjort å legge ut bilder av barna på sosiale medier, men det er ikkje sikkert det er så smart.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX FORT GJORT: Det er så fort gjort å legge ut bilder av barna på sosiale medier, men det er ikkje sikkert det er så smart.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway