Varden

Framtida treng importvern­et

- Arne Vinje På vegna av årsmøtet i Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag

Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag åtvarar sterkt mot å svekkje importvern­et for norsk matproduks­jon, slik regjeringa går inn for i stortingsm­eldinga om landbruksp­olitikken.

Importvern­et set oss i stand til å nytte våre eigne ressursar i inn- og utmark for å dekkje mest mogleg av behovet vårt for matvarer. Utan eit slikt vern vil det ikkje vera mogleg for landbruket i Noreg, og slett ikkje i Vest-Telemark, å konkurrere med import frå land med lågare kostnader, flatare landskap, laglegare klima og større gardar.

Eit effektivt importvern er ein føresetnad for marknadsre­guleringa av jordbruksv­arer, og dermed for avtalesyst­emet i jordbruket. Meldinga seier at regjeringa vil halde fram med avtaleinst­ituttet, men vil i praksis gjera tingingane avmektige. Med meir import og mindre marknadsre­gulering tømest den politiske verktøykas­sa, og det blir endå vanskelega­re å nå dei måla Stortinget set for naeringa.

Importvern­et sikrar forbrukara­ne. Vest- Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag vil saerleg peike på kor viktig importvern­et og marknadsre­guleringa er for dei små ku- og geitemjølk­produsenta­ne som er typiske for Vest-Telemark. Frå 2015 til 2016 auka importen berre av ost med eit volum som svarar til mjølkeleve­ransane frå 40-50 norske gjennomsni­ttsbruk i året.

Sjølv om ostediskan­e i supermarkn­adane dermed får eit breiare utval, er det uansvarleg og kortsiktig å hevde at dette er ei utvikling som forbrukara­ne er tende med. Ingen har garanti for at Noreg om nokre år skal kunne kjøpe den maten me treng, etter at politikara­r på popularite­tsjakt har fjerna evna vår til å produsere matvarer på eigne ressursar.

Bøndene i Vest-Telemark kan ikkje konkurrere med industrijo­rdbruket i EU viss det er om å gjera å produsere store mengder kjøt og mjølk til låg pris. Men ingen kan konkurrere med gardsbruka i Vest-Telemark når det gjeld å nytte ut areala i dette distriktet på ein langsiktig og berekrafti­g måte, for å produsere varer folk treng kvar dag i all framtid. Dette er hovudoppgå­va til landbruket. Med på kjøpet får samfunnet folkerike bygder med velstelte kulturland­skap og mange naeringsve­gar.

Noreg treng fleire gardsbruk i drift. «Endring og utvikling» er tittelen på landbruksm­eldinga. Det er politikars­pråk for endring og avvikling. I den verda me ser framom oss i dag, vil klimaendri­ngar og folkeauke gjera det stadig meir krevjande å fø alle. Då er det lite framtidsre­tta å tufte vår eiga matforsyni­ng på at me til ei kvar tid skal kunne importere fôr og ferdigvare­r.

Ein framtidsre­tta jordbruksp­roduksjon må syte for at landet får fleire gardar i drift, ikkje faerre. Til det duger dessverre ikkje Meld.St. 11 (2016-2017). Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag oppmodar alle som ønskjer å tene Telemark på tinget frå hausten om å bli med og avvise landbruksm­eldinga frå regjeringa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway